Anouar Brahem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anouar Brahem (أنور ابراهم) (fødd 20. oktober 1957) er ein tunisisk musikar og komponist. Han spelar den nord-afrikansken lutten oud og er ein nyskapar på instrumentet. Musikken hans har elementar frå klassisk arabisk musikk, folkemusikk og jazz. Utanfor heimlandet er han særleg kjend i jazz-krinsar. I Tunisia blei han kjend på slutten av 1980-talet.
Brahem byrja å studera oud då han var ti, hjå Ali Sitri på det nasjonale musikk-konservatoriet i Tunis. Etter seks år i Paris byrja han som leiar av Ensemble Musical De Ville De Tunis i 1987. I 1991 kom den fyrste plata hans ut på det tyske jazz-merket ECM.
Spelestilen hans blir ofte samanlikna med Rabih Abou-Khalil sjølv om komposisjonane er både opne og mjuke. Oftast nyttar han ei gruppe på tre eller fire musikarar, og endrar altid samansettinga frå plate til plate. Ein gjennomgåande medmusikar er den tyrkiske perkusjonisten Lassad Hosni. Jan Garbarek var med på plata Madar, Jon Christensen på Khomsa.
[endre] Diskografi
- 1991, Barzakh (ECM 1432)
- 1992, Conte de l'incroyable amour (ECM 1457)
- 1994, Madar (ECM 1515)
- 1995, Khomsa (ECM 1561)
- 1998, Thimar (ECM 1641)
- 2000, Astrakan Café (ECM 1718)
- 2002, Le Pas du Chat Noir (ECM 1792)