Andamanøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andamanøyane er ei øygruppe i Bengalbukta og ein del av det indiske forbundsterritoriet Andamanøyane og Nikobarane. Administrasjonssentret heiter Port Blair. Det finst 204 øyar, og dei hadde i 2001 eit folketal på 314 239.
[endre] Økonomi
På Andamanøyane dyrker ein te, mango, brødfrukt og kokos. Turistindustrien er veksande.
[endre] Geologi
Øygruppa er saman med Nikobarøyane del av ein 1 130 km lang undervassfjellkjede, som går frå Cape Negrais i Burma til Achin på Sumatra.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |