Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Øvre Richter Frich - Wikipedia

Øvre Richter Frich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjert Øvre Richter Frich, kjend som Øvre Richter Frich, (fødd i Trondheim 24. mars 1872, død 15. mai 1945 i Östertälje i Sverige) var ein norsk journalist og forfattar. Han er mest kjend for spaningsromanane sine med mellom andre Jonas Fjeld og Adrian Roca i hovudrollene.

Far hans var prest David Chr. Frich. Familien budde i Bergen medan Øvre Richter Frich var barn, før dei flytta til Vang i Hedmark der han fekk ungdomsåra sine.

Han arbeidde som journalist for Aftenposten og Ørebladet, og var redaktør for Verdens Gang og Bergens Aftenblad. Den fyrste skjønnlitterære boka han gav ut under eige namn, spaningsromanen De knyttede næver, kom i 1911, og vart den fyrste av 21 bøker i serien om den overariske helten Jonas Fjeld. Til saman skreiv Øvre Richter Frich over 60 bøker. Dei fleste av bøkene hans kom ut i Sverige med, og også der selde dei godt. Nokre av dei seinare bøkene hans kom fyrst ut på svensk, og somme har aldri kome ut i norsk språkdrakt.

Steffen Kverneland gav i 1993 ut ein teikneserieversjon av De knyttede never.

Innhaldsliste

[endre] Pseudonym

  • Olsen brukt til boka En Journalists Glemmebog som vart utgjeven på Alb. Cammermeyers forlag i 1903. Boka er illustrert av Ragnvald Blix.
  • Rita Freimann brukt til boka I skyggen av Karl Johan : fragmenter av en kvindes liv frå 1911.
  • Reidar Noman brukt til romanen I polarnattens favn: roman fra Spitsbergen, fyrst då han vart prenta som forsetjingshistorie i Morgenbladet og sidan då han vart utgjeve som særtrykk av Morgenbladet i 1912. Boka vart seinare publisert i hans eige namn.


[endre] Bøker

[endre] Bøkene om Jonas Fjeld

  • 1911De knyttede næver. En storforbryders roman.
  • 1912Kondoren. En landflygtigs roman.
  • 1912Guldaaren. En eventyrers roman.
  • 1913De sorte gribbe. En forbryderroman i luften.
  • 1913Den gyldne pest. En moderne alkemistroman.
  • 1913I sølvlandets nat. En roman om røvere i røvernes land.
  • 1914Flyvefisken. En roman fra verdenskrigen 1921.
  • 1914Den røde taake. En moderne sjørøverroman.
  • 1915Havets øine.
  • 1916Donna Franceska.
  • 1917Hammerslaget.
  • 1918Lille Jonas Fjeld. Gutteroman.
  • 1920Lucifers øie. En roman om lys.
  • 1921Jorden som dræper.
  • 1922Pans fløite. En roman om forgiftet lyd.
  • 1924De udødelige dverge.
  • 1926Jaques Delmas forbandelse.
  • 1927Slangeblomsten fra Magdala. En Jonas Fjeld-roman.
  • 1932Storfjellets herre.
  • 1934Nordlysets datter. Jonas Fjeld-roman.
  • 1935Menneskejegerene. Kriminalroman.

Bøkene om Jonas Fjeld er gjenutgjevne mange gonger, og då er ortografien i boktitlane gjerne endra. Ofte er også siste del av boktitlane (undertitlane) uteletne i dei seinare utgåvene. Då Helge Erichsens forlag gav ut Jonas Fjeld-serien på nytt på 1960-talet var rekkjefølga i serien ganske anleis frå den rekkjefølga Øvre Richter Frich fekk bøkene utgjevne i fyrste gongen. Her er Jonas Fjeld-serien lista i rekkjefølga han kom ut i Helge Erichsens forlag si utgåve frå 60-talet:

  1. De knyttede never.
  2. Kondoren.
  3. Gullåren.
  4. De sorte gribber.
  5. Den gylne pest.
  6. Flyvefisken.
  7. Havets øine.
  8. I sølvlandets natt.
  9. Den røde tåke.
  10. Donna Francesca.
  11. Jorden som dreper.
  12. Lucifers øye.
  13. Jacques Delmas forbannelse.
  14. Pans fløyte.
  15. Slangeblomsten fra Magdala.
  16. De udødelige dverge.
  17. Lille Jonas Fjeld.
  18. Storfjellets herre.
  19. Nordlysets datter.
  20. Menneskejegerene.
  21. Hammerslaget.
Roca-serien i utgåve frå A/S Helge Erichsens forlag. Omslagsillustrasjonane er teikna av Harald Damsleth på 1930-talet.
Forstørr
Roca-serien i utgåve frå A/S Helge Erichsens forlag. Omslagsillustrasjonane er teikna av Harald Damsleth på 1930-talet.


[endre] Bøkene om Adrian Roca

  • 1929Men Rocambole var ikke død...! Moderne kriminalroman.
  • 1929Vampyren. Moderne kriminalroman.
  • 1930Den flyvende kuffert.
  • 1931Bandittenes opmarsj.
  • 1932Kvelerne.

[endre] Andre romanar

  • 1911I skyggen av Karl Johan. Fragment av en kvindes liv. Publisert under pseudonymet Rita Freimann.
  • 1912I polarnattens favn. Roman fra Spitsbergen. Fyrst publisert under pseudonymet Reidar Noman, seinare utgåver i eige namn.
  • 1915Kanonernes sjel. En krigsroman.
  • 1915Kaperens klør. Roman fra den moderne sjøkrig.
  • 1917Hyænerne.
  • 1917Handelsspionen Servans. Utgjeven utan at forfattar vart oppgjeve, berre «oversat av O.W. Erichsen». Det er noko usemje om det verkeleg er Frich som har skrive boka.
  • 1921Morgenrødens vinger. En moderne smuglerroman.
  • 1921Det ytterste hav. En roman fra en ukjendt verden.
  • 1922Solkongens arv. Roman fra Stillehavet.
  • 1923Den evige vandrer. Av en lommetyv og hotelrottes saga.
  • 1924Olympieren. En idrætsroman.
  • 1925Rottærne. En roman om banditter og provokatører.
  • 1925Madonnas smil.
  • 1925Halvkunstnerne. Moderne pariserbilleder.
  • 1927De fædrelandsløses ø.
  • 1928Jacob Harvis, spilleren.
  • 1928Ulvene.
  • 1928Mr. Clawsons Norgesfærd. En Osloroman.
  • 1929Journalisten og filmstjernen.
  • 1930Saksofonkongen.
  • 1933Stortyven og hans hund.
  • 1933Havfruens sønn.
  • 1933Fredag den 13de.
  • 19382x3. Kriminalroman.
  • 1938De tause barn fra Ural.
  • 1940I Eiffeltårnets skygge.
  • 1941Starke Janson i Kinesiska sjøn. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1941Två män på en flotte i Søderhavet.
Norsk utgåve:
1942To mann på flåten.
  • 1941Styrmann Rolf i Alaska. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942Karolinen i Sødra ishavet. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942Styrmann Rolf i Klondyke. (Ikkje utgjeven på norsk.)


[endre] Bøker om Øvre Richter Frich og forfattarskapet hans

  • Christopher Hals Gylseth: -seg selv til det ytterste : Øvre Richter Frich og hans forfatterskap (Cappelen) 1997 ISBN 82-02-16198-3
  • Eiler Hagerup Schiötz: Øvre Richter Frich : en bio-bibliografi (Bjørn Ringstrøms Antikvariat) 1982

[endre] Kjelder

Puslespillbit Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer.
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com