Åge Storhaug
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åge Storhaug (f. 5. april 1938) er ein tidlegare norsk turnar frå Klepp kommune på Jæren. Han fekk sylvmedalje i sprang i Europameisterskapen i 1965. I perioda 1961–1971 vant han alle seks nordiske meisterskap, og han vart noregssmeister heile fjorten gonger. Åge Storhaug turna for Klepp Turnforening. I perioda 1974–1983 var han trenar for det norske herrelandslaget i turn.
I 1965 vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje. I 2001 vart han utnemnd til æresmedlem i Norges Gymnastikk- og Turnforbund.