«Abeille Bourbon»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Abeille Bourbon» er eit nytt kystvaktskip i den franske marinen, som vart sett i drift våren 2005. Skipet erstattar skipet «Abeille Flandre», som vart sett i drift i 1979.
Skroget vart bygd i Polen og var innom Florø for vidare handsaming. Utstyring og ferdigstilling føregjekk på Myklebust verft i Gursken i Sande kommune. Skipet er designa av Rolls-Royce Marine/Ulstein Technology og er nært slekta til KV «Harstad» sitt design. Kystvaktskipet er særskilt utstyrt for sleping, oljevern og generelle kystvaktoppgåver.
Les Abeilles International, eit slepebåtselskap i Bourbon-gruppa, har kontrahert «Abeille Bourbon» og systerskipet «Abeille Liberté» som fortsatt er under bygging. Les Abeilles Inernational har kontrakt med den franske marinen om standby-tenester langs den franske kysten. Skipet vart døypt i Brest 13. april 2005 med presidentfrua Bernadotte Chirac som gudmor. Hovudbasen vil òg vera i Brest.
[endre] Nøkkeldata
- Formgjevar: ingeniør og skipsformgjevar Sigmund Borgundvåg
- Lengd: 80 m
- Breidd: 16,5 m
- Mannskap: 14 i tillegg til at der er 8 passasjerplassar
- Motorar: 4 MAK tyskproduserte motorar, 21 740 hestekrefter kvar og Cummins hjelpemotorar
- Toppfart: 19,5 knop
- Kanoneld: 4 500 m³ i timen