Tsjuvasjar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjuvasjane (tsjuvasjisk: чӑваш) er dei som snakkar tsjuvasjisk (jf. tsjuvansk < tjuvanar; tysk: tschuwanisch < Tschuwanen), med kjerneområde i Tsjuvasjia, ein republikk i Russland.
Om lag 906 000 av tsjuvasjane bur i sjølve den tsjuvasjiske republikken, men det finst omtrent like mange menneske av tsjuvasjisk opphav andre stader, for det meste i Tatarstan, Basjkortostan, Samara og Kasakhstan.
Tsjuvasjane snakkar tsjuvasjisk (men dei som bur i byar, kan russisk òg).
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |