Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Trondheim Økonomiske Høgskole - Wikipedia

Trondheim Økonomiske Høgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trondheim Økonomiske Høgskole (ofte forkorta «TØH») er Høgskolen i Sør-Trøndelag si avdeling for økonomi og administrasjon. TØH held til på Moholt i Trondheim og har ca. 1000 studentar. Det engelske namnet på TØH er «Trondheim Business School» (TBS).

Innhaldsliste

[endre] Historie

TØH vart etablert i 1967 og er med det den eldste norske regionale høgskolen med tilbod innan økonomi og administrasjon. I 1994 vart TØH ein del av Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST).

[endre] HiST-AØA eller TØH?

Etter at TØH vart ein del av HiST, skifta namnet til HiST avdeling for Økonomi og administrasjon (HiST-AØA). Namneendringa fall mange av studentane og dei tilsette på TØH tungt for hjartet. Det store fleirtalet av dei heldt fram med å bruke TØH-namnet, sjølv om det no offisielt ikkje eksisterte lenger. Studentutvala heldt på dei gamle namna, som for eksempel «TØHNNA» (bodegaen), «TØHSA» (studentavisa), «TØH-IL» (idrettslaget) og «TØH-Invest» (aksjesparelaget). Nye studentar vart òg raskt innprenta med TØH-namnet, allereie i løpet av dagar etter at dei hadde starta på utdanninga.

Den felles høgskoleleiinga argumenterte for at HiST burde samle seg under ein felles ytre profil, og at namnet derfor burde vera HiST-AØA. Blant argumenta som vart bruka for TØH-namnet, var at økonomiutdanninga på høgskolen var spesiell, i og med at ho konkurrerte med spesialiserte statlege skolar som Noregs Handelshøgskole og private skolar som BI om studentane. Dessutan var TØH-namnet frå før godt kjent i Trøndelag.

Hausten 2003 gav høgskolestyret opp kampen mot TØH-namnet, og avdelinga skifta namn til «HiST avdeling Trondheim Økonomiske Høgskole» i samband med ei større endring i avdelingsstrukturen til HiST. Ein av føresetnadene for at avdelinga skulle få tilbake TØH-namnet, var at HiST-logoen vart bruka saman med TØH-logoen i profileringsarbeidet.

[endre] Studietilbod

TØH var først ute i Noreg med å leggje om økonomiutdanninga til bachelor- og mastergrad (slik det er etter Kvalitetsreformen), sidan skolen var med på eit prøveprosjekt. Det første studentkullet på bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon starta hausten 1999. Bachelorutdanninga har fleire spesialiseringsretningar. Sidan hausten 2002 har TØH tilbode 2-årige masterpåbygningar. Masterpåbygninga i bedriftsøkonomisk analyse har vist seg som den mest populære, og har ofte vore vanskelegare å koma inn på enn masterpåbygninga på Noregs Handelshøgskole.

Skolen har mange samarbeidspartnarar i inn- og utland, og det går føre seg utveksling begge vegar. Faga for innkomande studentar til TØH går føre seg på engelsk. Det er òg samarbeid med Handelshøjskolen i København og Høgskolen i Nord-Trøndelag om masterprogram i offentleg administrasjon, og med NTNU om master i finansiell økonomi.

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com