Tor Edvin Dahl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Edvin Dahl (fødd 10. september 1943 i Oslo) er ein norsk forfattar. Som krimforfattar brukte han på 70-talet pseudonymet David Torjussen.
Han har vore ein svært produktiv forfattar og han har skreve for både barn, unge og vaksne, – romanar, forteljingar, noveller, krimbøker, skodespel, skule- og lærebøker og rapport-, fag- og dokumentarbøker. Den fyrste boka han fekk utgitt var novellesamlinga En sommer tung av regn i 1968. På 70-talet skreiv han under pseudonymet David Torjussen ei rekkje kriminalromanar som kom ut i Gyldendals Den sorte serie, mellom anna Etterforskning pågår frå 1973 som han fekk Rivertonprisen for.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1973 - Rivertonprisen for Etterforskning pågår
- 1973 - Gyldendals legat
- 1974 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Guds tjener