The Office
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Office, kalla Kontoret på norsk, er en britisk komiserie om livet på eit kontor, filma som ein dokumentar. Serien er skapt av Ricky Gervais og Stephen Merchant. Serien vert rekna som ein av dei mest populære britiske komiseriane, og er til no selt til over 60 land. I 2005 vart det òg produsert ein amerikansk versjon av serien.
[endre] Handling
Handlinga føregår i Slough-avdelingen til papirfirmaet Wernham-Hogg, som vert leia av David Brent (Ricky Gervais) saman med assistenten sin, Gareth Keenan (Mackenzie Crook). Mykje av komikken oppstår når Brent skal imponere kamerafolka og dei tilsette forøvrig med sin humoristiske leiarstil, og endar opp med å vere ytterst diskriminerande, rasisistisk eller politisk ukorrekt.
Vi finn òg Tim Canterbury (Martin Freeman), som er forelska i resepsjonisten Dawn Tinsley (Lucy Davis), eit tema som går igjen i alle episodane. Dawn på si side er forlova med Lee, men er òg forelska i Tim i skjul.
Livet på kontoret føregår med arbeid, teambuilding og frykta for nedskjeringar og forframmingar.