Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Stadieveksling - Wikipedia

Stadieveksling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stadieveksling er ein grammatisk prosess som førekjem i dei samiske språka nord for umesamisk, i dei austersjøfinske språka, og i dei samojediske språka ngasansk og selkupisk.

Stadieveksling kan bli karakterisert som «konsonantismen sitt motstykke til omlyd». Det prototypiske fallet har vi i tostavingsstammar, der ein ustemt lukkelyd (p, t, k) initialt i den siste stavinga blir lukka av eit suffiks, og som følgje av det blir stemt (i prinsippet b, d, g, men i moderne finsk får vi v, d, Ø). Dermed har vi finsk tapa ‘vane’, katu ‘gate’, joki ‘elv’, som i genitiv, som lukkar stavinga med suffikset -n, blir til tavan, kadun, joen. Dette er døme på kvalitativ stadieveksling. Vi har også kvantitativ stadieveksling, kuppi ‘kopp’, hattu ‘hatt’, takki ‘frakk’ blir i genitiv kupin, hatun, takin. Stadieveksling i selkupisk minnar sterkt om den finske, vi har kätto ‘tarm’, genitiv kädön. Konsonanten i open staving blir kalla sterkt stadium, mens den i lukka staving blir kalla svakt stadium. I dei moderne språka har stadieveksling vorte ei morfologisk veksling — vi kan ha sterkt stadium også i open staving og svakt stadium i lukka, som i finsk nominativ/genitiv liike / liikkeen ‘rørsle’. Her har det tidlegare vore ein final lukkelyd, vi har hatt *liikeʔ / liikkeʔen, med sterkt stadium i open staving, som forventa, i dag er dei fonologiske vilkåra endra, men stadievekslinga har halde seg uendra.

Med stadievekslinga distribuert i dei to utkantane av det uralske språkområdet (i aust og vest), trudde forskarane tidlegare at det var eit ururalsk fenomen, som hadde gått tapt i dei andre uralske språka. No har dei fleste gått bort frå denne teorien, og ser dei austlege og vestlege stadievekslingane som resultat av uavhengige, men parallelle utviklingar. Teorien om parallell utvikling er ikkje så urimeleg, i og med at lydendringane vi ser går att i andre samanhengar i andre språk. Frå eit norsk synspunkt ser vi t.d. at finsk sterkt stadium tilsvarer «norske» konsonantar, mens svakt stadium tilsvarar «danske», i norsk/danske ordpar som hatt / hat og hat / had.

Ei forklaring, fremma av både K.B. Wiklund og Lauri Posti, er at austersjøfinsk stadieveksling er eit lån frå germansk, ei tillemping av Verners lov til austersjøfinsk. Etter Verners lov vart indoeuropeiske ustemte lukkelydar til ustemte frikativar, men viss trykket fall på den (ikkjeinitiale) stavinga etter konsonanten, vart frikativen stemt i staden. Den austersjøfinske varianten seier at viss det kjem ei lett (open) staving etter konsonanten, får han vere ustemt, men viss det kjem ei tung (lukka) staving etter konsonanten, blir han stemt.

Stadieveksling i samisk skil seg frå den austersjøfinske. Her får vi ikkje ei svekking av ustemte konsonantar, men ei forlenging, eller til og med dissimilering av konsonantar i open staving. Eit døme er Sápmi ‘Sameland’, som etymologisk er same ord som finsk Häme ‘Tavastland’ og Suomi ‘Finland’, og som er Sámi i genitiv. Her er -m- den opprinnelege konsonanten, og sterkt stadium har fått ein initial -p-. Her kan med andre ord ikkje Verners lov stå bak.

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com