Slaget i Hjørungavåg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget i Hjørungavåg stod i 986. Håkon Sigurdsson Ladejarl slo Bue Digre og jomsvikingane. Hjørungavåg er ei bygd i Hareid kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. I Hjørungavåg er det sett opp eit monument til minne om slaget. Monumentet syner baugane til tre vikingskip som reisar seg mot kvarandre.
Somme hevdar at slaget fann stad i Hjørundfjord.
I etterraksten etter slaget skal det ha vorte sagt: "Enno er ikkje alle jomsvikingar daude!". Slaget er skildra av Snorre Sturlason i dei norske kongesogene, Heimskringla.
[endre] Litteratur
- Lunden, Kåre (1986): «Slaget ved Hjørungavåg : dikting, historie, nasjonal myte,» i Middelalderforum, 1986, nr. 3/4, s. 86-96
- Megaard, John. Hvor sto "Slaget i Hjörungavágr"? : Jomsvikingeberetningens stedsnavn og Sæmundr fróði. [1]