Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rettskrivinga av 1941 - Wikipedia

Rettskrivinga av 1941

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettskrivinga av 1941 var ei rettskrivingsreform etter tankane som rådde i partiet Nasjonal Samling (NS). Under den andre verdskrigen var partiet med tysk hjelp det statsberande partiet i Noreg. Dermed kunne partiet få gjennomført tankar det ikkje fekk fleirtal for før krigen.

Nasjonal Samling sitt program av 1934 gjekk inn for samansmelting av dei to norske målformene bokmål og nynorsk. I og med rettskrivinga av 1938 var det gjort endringer i skriftnormalane som peika i retning av eit framtidig samnorsk, men både Riksmålsrørsla og NS gjekk imot dette, som dei kalla «det kohtske knot».

Kulturminister Guldbrand Lunde ynskte å setja eit eige "nasjonalsosialistisk" preg på rettskrivinga. Målet med rettskrivinga av 1941 var å få slutt på «knotet» frå 1938. Halvdan Koht og Arbeidarpartiet hadde etter NS si meining sett i gang eit mislukka prosjekt med mål om å få ei samla skriftnorm med arbeidarpreg.

Målet i 1941 var ikkje mindre enn eit «høynorsk høvisk mål».

Rettskrivinga av 1941 merka seg blant anna ut ved å ta inn nokre få særnorske eller nynorske ord i eit elles konservativt riksmål / bokmål. Eit mål var å knytta band attende til norrøn tid. Både i nynorsk og bokmål vart talet på valfrie former skore drastisk ned.

Landsmålsforma «no» skulle nyttast i bokmål, medan "nu" var nytta før 1938, og "nå" frå 1938. «Fram», «etter», «bjørk», «snø», «farge» og «heim» skulle skrivast som i 1938-reforma. «Veg» skulle nyttast i staden for «vei».

Ordet «jente» på riksmål fekk ein g føre seg, slik det var i den høgnorske varianten av nynorsk. Nasjonal Samling sin samskipnad for unge jenter vart difor heitande «Gjentehirden».

Dei fleste endringane i rettskrivinga av 1941 i høve til rettskrivinga av 1938 gjekk i konservativ retning, i retning riksmål for bokmålet sin del. Obligatorisk a-ending i nøytrum fleirtal blei avskaffa, altså "eplene" i staden for "epla", "forholdene" i staden for "forholda". Formene "ville", "skulle" og "kunne" blei avskaffa til fordel for "vilde", "skulde" og "kunde". Det blei også tilrådd at a-ending i hokjønn berre skulle brukast i ord for heimlege og kvardagslege ting, omlag slik det var etter rettskrivinga av 1917, altså "kua" men "regjeringen".

For nynorsk blei i-ending igjen likestilt med a-ending i sterke hokjønnsord, altså "bygdi" for "bygda", og former som "gikk", "skole", "hjerte" og "søndag" blei forbodne. Det grammatikalske formverket blei generelt meir konservativt enn i 1938-rettskrivinga i begge målformene. Dette er hovudretninga på 1941-rettskrivinga, det NS-styret sjølv kalla oppgjeret med «knotet», i retning riksmål når det gjeld bokmålet, i retning høgnorsk når det gjeld nynorsken. Dei få symbolske enkeltformene i samnorsk retning som blei gjorde obligatoriske i bokmålet var unntaka, ikkje regelen.


[endre] Kjelder

  • Norsk krigsleksikon: «Rettskrivningsreformen av 1941». Nettversjon
  • Tjelle, Arne: Rettskrivinga av 1941. Bakgrunn, politisk spel og ideologisk analyse. [[Nordica Bergensia nr. 2 1994. ISBN 8290500173
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com