Rørholtfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rørholtfjorden er ein arm av innsjøen Tokke som er ein del av Kragerøvassdraget. Største dybde er 147,5 meter. Største delen av Tokke ligg i Drangedal kommune i Telemark, mens Rørholtfjorden ligg i Bamble kommune.
Rørholtfjorden er meromiktisk, det vil seie at det nedst mot botn finst vatn som ikkje blir skifta ut, men står stille. I Rørholtfjorden er det gamalt sjøvatn, truleg frå før landhevinga etter siste istid for 8–9 000 år siden. Skillet går ved om lag 136 meter (1989), men saltvatnet forsvinn gradvis.
[endre] Referansar
- Barland, K. 1991. Trapped seawater in two Norwegian lakes: Kilevannet, a "new" lake with old trapped seawater, and Rørholtfjorden. Aquatic Sciences. 53. 90-98.