Phileas Fogg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phileas Fogg er ein eksentrisk engelskmann, hovudpersonen i romanen Le tour du monde en quatre-vingts jours (Jorda rundt på åtti dagar) som blei gjeven ut av Jules Verne i 1872.
På grunn av eit veddemål sette Fogg av garde for å visa at det gjekk an å reisa rundt jorda på åtti dagar. Reisa hans har inspirert fleire andre til å prøva å gjera henne etter, mellom anna Nellie Bly og Michael Palin. Namnet er òg blitt brukt av mange selskap knytte til reise eller eksotiske stader, til dømes hotell, reisebyrå og restaurantar.
Phileas Fogg blei spelt av David Niven i filmatiseringa frå 1956 av Pierce Brosnan i filmatiseringa frå 1989, og av Steve Coogan i Disney-filmatiseringa frå 2004.