Pasvikelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pasvikelva (russisk Патсойоки, Patsojoki, eller Паз, Paz, finsk Paatsjoki, samisk Báhčeveaijohka) er ei elv som renn frå innsjøen Enare i Finland og munnar ut i Varangerfjorden. Elva er 145 km lang, og 112 km av elva dannar riksgrensa mellom Noreg og Russland. Elva drenerer eit nedbørsfelt på 18 404 km². Vassdraget vert rekna som det nest største i Noreg etter Glomma, sjølv om storparten av nedbørsfeltet ligg i Finland.