Parson Russellterrier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parson Russellterrier er ein hunderase som høyrer til terrierane. Dei har fått namn etter den britiske presten og hundeoppdrettaren Jack Russell.
Hundar av denne rasen er små (32–38 cm høge) og kvite, med svarte, tan (raudbrune) eller tricolor-markeringar i ansiktet og av og til på bakkroppen. Dei har kraftige kjever, flatt hovud og livlige, uttrykksfulle augo.
Rasen er avla fram som bruks- og hihund, og for å kunne springa fort og lenge attmed hestar på revejakt. Parson-terrierar er uredde, tøffe små terrierar, dei er vennlege mot folk, men kan vera skarpe mot andre hundar. Dei eignar seg bra som familiehundar, men treng ei fast oppseding og mye aktivitet for å trivast.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |