Paal Brekke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paal Emanuel Brekke (17. september 1923–2. desember 1993) var ein norsk lyrikar, forfattar, gjendiktar og omsetjar. Han er far til forfattaren Toril Brekke.
Brekke var fødd på Røros. Han utgav si fyrste diktsamling som flyktning i Sverige kalla Av din jord er vi til. Brekke kom i kontakt med den svenske modernismen ”fyrtiotalismen”, noko som påverka seinare lyrikk. Han hadde òg god kjennskap til engelsk-amerikansk modernisme. Utover 1950-talet var Paal Brekke ein leiande modernist i Noreg. Diktsamlinga Og hekken vokste høyt frå 1953 hadde stor betydning i etterkrigslitteraturen.
Paal Brekke var redaktør av tidsskriftet Diktets venner 1958-62.
Antologien til sin tid inneheld mange av hans journalistiske arbeid og vart utgjeve i 1970.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |