Odd Einar Dørum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Einar Dørum (fødd 12. oktober 1943 i Oslo) er ein norsk politikar (Venstre). Han har vore leiar av Venstre i to periodar, samferdselsminister og justisminister.
Dørum er utdanna sosionom frå Sosialhøgskulen i Trondheim (1970). Han var nestleiar (1964-65) og leiar i Unge Venstre (1970-72). 1967-71 og 1976-77 sat han i Trondheim bystyre. I 1977 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag. I 1982 vart han leiar av Venstre. Ved Stortingsvalet 1985 gjekk Venstre til val på eit samarbeid med Arbeidarpartiet, men valresultatet vart at Venstre ramla ut av Stortinget. I 1986 gjekk Dørum av som partileiar. I 1992 kom han tilbake og sat som partileiar til 1996, og var soleis partileiar då Venstre kom attende på Stortinget i 1993. I 1996 vart han utfordra til partileiarvervet av Lars Sponheim, og valde å trekkja seg. I 1997 vart Dørum vald inn på Stortinget frå Oslo, og vart gjenvald i 2001 og 2005. I Sentrumsregjeringa var han samferdselsesminister frå 1997-99 og justisminister 1999-2000. I den andre Bondevik-regjeringa var han justisminister frå 2001-2005. Han sit no i Kyrkje- utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget.
Dørum er ein ihuga fan av fantastisk litteratur, særskilt J.R.R. Tolkien.
Føregjengar: Hans Hammond Rossbach |
Leiar av Venstre |
Etterfylgjar: Arne Fjørtoft |
Føregjengar: Håvard Alstadheim |
Leiar av Venstre |
Etterfylgjar: Lars Sponheim |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |
Stortingsrepresentantar 2005–2009 | |
---|---|
Aust-Agder: de Ruiter | T. Andersen | Løite | Duesund | Vest-Agder: Skumsvoll | Klungland | Lilletun | Gitmark | Schmidt | Larsen | Akershus: Huitfeldt | Høglund | J. Petersen | Myrli | Asmyhr | Sanner | Bjørnstad | Reikvam | Tenden | Kjos | Eldegard | Sjøli | Agdestein | Thomsen | Dahl | Sundsbø | Buskerud: Jagland | Knudsen | Eng | Helleland | Rytman | Christoffersen | Bergo | Micaelsen | Lundteigen | Finnmark: Schjøtt-Pedersen | Nielsen | Fredriksen | Ballo | Lysklætt | Hedmark: Trettebergstuen | Faldet | Bredvold | Skulstad | Vedum | Breen | K. Andersen | Gundersen | Hordaland: Akselsen | Sortevik | E. Solberg | Henriksen | Hagesæter | Sørfonn | Lydvo | Halleraker | Valle | Sponheim | Woldseth | Teigen | Skjælaaen | T. Hansen | Dåvøy | Møre og Romsdal: Nesvik | Kristoffersen | Løvik | Solholm | Gjelseth | Grimstad | Øveraas | Kongshaug | Jacobsen | Nordland: H-M. Solberg | Svendsen | Strøm | Elvik | Ellingsen | T. Pedersen | Samuelsen | Kristiansen | Ljunggren | Sahl | Oppland: Brørby | Enger | Hagebakken | Johnsen | Nistad | Rudihagen | Thommessen | Oslo: Nybakk | Foss | Hagen | Bøhler | Holmås | Dørum | Eriksen Søreide | Hildeng | Jensen | Marthinsen | Sørensen | Lønning | Khan | Tybring-Gjedde | Grande | Wickholm | Syversen | Rogaland: Vaksdal | Nordtun | Høie | Høybråten | Horne | Sund | Solvik-Olsen | Vallersnes | Kvassheim | Opheim | Kleppa | Langeland | Tørresdal | Sogn og Fjordane: Sandal | Sande | Starheim | Heggø | Ludvigsen | Telemark: S.O. Hansen | Hoksrud | Olsen | Aasland | Fostervold | Holmberg | Troms: Arnesen | Korsberg | Bjørnflaten | Amundsen | Jensen | Knutsen | Aspaker | Nord-Trøndelag: Kristoffersen | Stokkan-Grande | Brekk | Eriksson | Ryan | Skjelstad | Sør-Trøndelag: Gjul | Asphjell | Sandberg | Brende | Malvik | E. Hansen | Moe | Lien | Haugen | Lånke | Vestfold: Kosmo | Width | Flåtten | Bartholsen | Anundsen | Gullvåg | Thorkildsen | Østfold: Øye | Leirstein | S.R. Hansen | Gåsvatn | Engeset | Johansen | Giltun | M. Hansen | Hjemdal | |