Odals Værk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odals Værk er ein jord- og skogbrukseigedom i Sør-Odal kommune i Hedmark fylke. Eigedommen utgjer 900 dekar jord og 35 000 dekar skog.
Verket blei starta som industriverksemd på slutten av 1600-talet då Lars Robsahm fann jernmalm i grunnen til gården Valstad, der Odals Værk ligg i dag, og utnytta fossekrafta for å drive jernverk med stangjernshammar. Jernverksdrifta hadde vekslande hell, men fekk ein ny start i 1739 takka vere økonomiske oppgangstider og statlege privilegium. Privilegia innebar mellom anna at Odals Værk kunna pålegge bøndene innanfor ein radius på fire mil å bringe trekol mot rimelig betaling, og at ingen sagbruk i dette området kunne produsera trelast anna enn til eige bruk.
Jernverksdrifta nådde høgdepunktet under Iver H. Neumann, som eigde bedrifta 1764–1823 (fram til 1774 saman med broren Jacob). Eigedommen vaks i og med at Neumann kjøpte opp fleire av nabogårdane for å sikra produksjon av mat for tilsette og buande, tømmer/trekol til jernverksdrifta og betre kontroll over vassdraget ned mot Glomma.
Jernmalm blei henta frå myrer og gruver på eigen eigedom, frå gruver på Ramsøy i Brandval nord for Kongsvinger, frå Trauten (Trøften) i Nord-Odal, frå Spetalen på Galterud sør for Kongsvinger og frå botnen av Storsjøen i Nord-Odal. Jernverksdrifta gjekk dårlegare frå Napoleonskrigane og utover, på grunn av bortfall av statlege privilegium og hardare konkurranse frå svenske og britiske jernverk. Jernverket blei endeleg nedlagt i 1835.
Elles har verksemda omfatta sagbruk, teglverk, bryggeri og frørenseri, og i alle tilfella nytta ein maskineri drive av fossekraft. Eit moderne sagbruk blei bygd på 1950-talet, og nedlagt i 1984. Etter dette har det ikkje vore noko industriverksemd på Odals Værk. I nokre av husa er det sidan drive kulturverksemd, slik som kunstutstillinger med mellom anna Kåre Tveter og Arne Durban. I 1868 ble Odals Værk kjøpt opp av eo gruppe forretningsmenn frå Elverum, blant deo Helge Berger og Henrik Opsahl. I dag eig etterkomarane deira Odals Værk som eit aksjeselskap.
Odals Værk har i dag sju freda bygningar. Den viktigaste av deo er hovudbygningen oppført av Iver Neumann i 1767. Huset blei teikna av Brede Rantzau og blir regnes som eitt av hovudverka i norsk rokokkoarkitektur frå 1700-talet.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Yngvar Hauge: Fra herregården og fra bruket
- Eva Valebrokk: Norske slott, herregårder og gods
- Axel Coldevin: Norske storgårder
- Toppen Bech: Herskapelig : Norge rundt på 1. klasse
- Helge R. Opsahl: Odals Værk