NRK Alltid Folkemusikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NRK Alltid Folkemusikk er NRK sin tiande radiokanal og den første til bare å sende heildigitalt. Det vil seie at for å høyre på NRK Alltid Folkemusikk treng lyttaren anten ein DAB-mottakar eller internettilknyting.
Kanalen sender bare musikk, utan programleiarar. Han kringkaster både ny og gammal norsk folkemusikk i tillegg til noko verdsmusikk. Mellom anna bruker han opptak frå folkemusikkarkivet til NRK, som inneheld over 50 000 opptak frå 1934 til notida.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |