Nordmannen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordmannen er eit dikt skrive av Ivar Aasen, betre kjend som Mellom bakkar og berg. Diktet kom første gong ut i diktsamlinga Symra i 1863. Deler av diktet vert mykje brukt, og dei to første strofane er gravert på nye norske førarkort.
[endre] Teksten
Diktet har komme ut i fleire utgåver, tre «offisielle» men også fleire. I «Lauvduskar II» Chr.a 1868 hadde diktet heile 8 strofar.
- (Tone: Dei vill alltid klaga og kyta)
1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
2. Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»
3. Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
4. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
5. Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 6-7. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nordmannen - på Aasentunet.