Nils Lavik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Andresson Lavik, fødd 8. januar 1884, død 14. juli 1966, var ein norsk politikar, redaktør, predikant og småbrukar frå Eksingedalen. Han var Kristeleg Folkeparti sin fyrste representant til Stortinget.
I perioden 1931 til 1933 var Lavik vararepresentant til Stortinget for Venstre. Før stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i nominasjonen til Hordaland Venstre, og dette var ei av dei utløysande årsakane til at det nye partiet Kristeleg Folkeparti vart skipa same år. Lavik vart vald inn frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti, og sat på Stortinget til 1953. Han var formann i Krf frå 1938 til 1951.
[endre] Lenkjer
[endre] Litteratur
- Kristian Helland, Pietist i kulturkamp: Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti (NLA-forlaget, 2003).
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |