Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nanbudo - Wikipedia

Nanbudo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nanbudo er ein nokså ny japansk kampsport. Han vart grunnlagt av den japanske kampsportmeisteren Yoshinao Nanbu (1943)- i 1978. Han er basert på mange andre japanske kampsportsystem, som til dømes aikido, karate og judo.

Innhaldsliste

[endre] Meister Nanbu

Det japanske kampsportsystemet Nanbudo vart grunnlagt i 1978 av Doshu Nanbu. Herr Nanbu vart fødd i 1943 i Kobe (Japan), i Nanbufamilien, ein framståande bushi-, det vil seie samurai-, familie frå Iwate-provinsen i det nordlege Honshu. Han voks opp i eit miljø der kampsport var ein essensiell del av kvardagen. Fleire av slektningane hans var berømte kampsportutøvarar, mellom anna bestefaren Yoko Zuna, som var ein kjent Sumotori.

Som son i ein kampsportretta familie vart Nanbu opplært i kampsport frå ung alder. Som femåring begynte han å lære judo frå faren, som var ein femtedan og trener for politistyrken i Kobe. Som attenåring begynte han på økonomi-universitetet i Osaka, kor han vart introdusert til shito ryu og shukokai-karate. Han trente under meistrane Tani (8nde Dan) og Tanaka.

Han vart raskt ein av dei beste i shukokai, og vann universitetsmeisterskapen i 1963, som på den tida svara til verdensmeisterskapen. Etter at han vann vart han invitert til Frankrike av karatemeisteren Henry Plée. Han vann (seies det) alle kampar han nokonsinne deltok i. Likevel returnerte han til Japan etter nokre år, kor han fekk ansvaret for å spre Shukokai i Europa. Nokre år seinare, då han synst han hadde gjort seg ferdig med dette, grunnla han sankukai-karate. Men han følte framleis at noko ikkje var heilt rett med sankukai, og i 1974 trakk han seg tilbake frå alle intrigene og kranglinga i kampsportverda og dro til Cap d'Ail, kor han brukte nokre år på å meditere, og på å lage eit mytt system. I 1978 kom han tilbake med Nanbudo. Sidan då har han heile tida forandra på systemet for å perfeksjonere det. Han er nå teknisk direktør for WNF (World Nanbdo Federation), og reiser rundt i verda og held seminar.

[endre] Nanbudo som kampsportsystem

Nanbudo er eit kampsportsystem som har sitt opphav i karate. Sjølv om det er nokså likt karate blir det sett på som eit eiga system, og ikkje som ein karatestilart.

Nanbudo som kampsport nytter dei tradisjonelle Japanske kampteknikkane. Men nanbudo er mye meir enn berre eit sett kampteknikkar. Systemet er eit holistisk sjølvforsvar- og treningssystem, som kombinerar budo ho, kido ho, og noryokukaihatsu ho, eller kampteknikkane, lækjingsteknikkane og teknikkar mental vekst. Nanbudo byggjer på fire grunnkonsept: pust, energimanipulasjon, fysisk kapasitet og mental styrke/ånd. Teknikkane som nyttast er ein blanding av gamle teknikkar frå tradisjonsrike japanske kampkunstar og Meister Nanbu si eiga filosofi. Teknikkane er baserte på rørsler og mønstre i naturen og skal styrke kroppen, så vel som førebyggje mange sjukdommar og plagar som er vanlege i ein stressa kvardag. Forsvarsteknikkane i nanbudo er varierte, og inkluderer slag, stikk, spark, kast, låseteknikkar, leddvridingsteknikkar og smertepunktteknikkar. Fleirtalet av teknikkane er ubevepna, men det finst teknikkar for bo(seks fot lang kampstav) og bokken(øvingssverd av tre).

Ein uoffisiell inndeling av systemet som ofte brukast, og som er rimelig konsis og nøyaktig, deler systemet inn i dei fire delane Kata, Randori, Ju og Ki.

[endre] Kata

Kata er eit konsept som finst i alle karatestilarter, så vel som i mange andre kampsportar, både japanske kinesiske og koreanske. Ein kata er ein serie med stiliserte kampteknikkar som utøvast mot ein eller flere tenkte fiender. Formålet er å trene opp kontroll og balanse, så vel som å perfeksjonere teknikkar. Teknikkane som nyttast i kata er ofte veldig stiliserte, og ein utøvar må ofte trene mye på kataen før han skjønar korleis teknikken fungerer mot ein motstandar. Dette er hensiktsmessig og hindrar at dei farlegaste teknikkane vert lært bort til uansvarlege eller uerfarne utøvarar. Disse farlege teknikkane er levningar av kulturen i japan i mellomalderen, hvor teknikkane vart nytta i dødelege situasjonar. Sjølv om somme teknikkar kan virke litt vel valdelege er kata eit nyttig verkemiddel i kampsporttrening, samt ein historisk og tradisjonsrik del av systemet, med røter langt tilbake i kamsportens historie. Når ein kata utførast av ein meister er det eit vakkert syn, og kan minne om ein stilisert dans. Difor vert kata ofte brukt i oppvisningar av kampsport, og det vert konkurrert i kampsport.

Kataene i nanbudo kan delast i tre kategoriar: grunnlegjende, avanserte og spesialkata. Dei grunnlegjende kataene, shihotaiane, minner mye om firevendingane i Tae-Kwon Do. Ein shihotai har berre ein teknikk, som utførast fire gonger, ein gong i kvar si retning. Det finst sju shihotaiar, ein for kvar vekedag: tsuki, ten, chi, hassu, ki, mizu og ku. Shihotaiane er ein introduksjon til katasystemet og er pensum til dei lavare gradane (med unntak av ku).

Dei avanserte kataene, eller nanbukataene, er lengre mønster med 30-40 teknikkar i kvar kata. Kvar kata fokuserer på ein type teknikkar, men kvar kata har òg ein mangfold av teknikkar. Det finst fem nanbukataer (Nanbu Shodan, Nanbu Nidan, Nanbu Sandan, Nanbu Yondan og Nanbu Godan). Det finst ein kata for kvar årstid og ein for heile året. Desse kataene vart skapte av Doshu(Meister) Nanbu.

Den siste kategorien er spesialkataene. Desse kataene finst ikkje berre i nanbudo, men i mange andre karatestilarter. Dei er tradisjonelle kataer som har overlevd dei utalege forgreningane og skismene i organisert karate. Men sjølv om desse kataen finst i mange systemer, så er dei ikkje like i alle systemer. Mellom anna så er kataen seipai i nanbudo veldig forskjellig frå seipai i stilarten Sakugawa Koshiki Shorinji-ryu Karatedo. Det finst om lag ti spesialkataer i nanbudo, men ikkje alle vert regelmessig brukt. Dei vanlegaste er Seipai, Seienchin, Hyaku Hachi, Ikkyouku og Sanpo Sho. I tillegg finst det mellom anna Sanpo Dai. Spesialkataene er ikkje pensum før det svarte beltet, og ein treng berre vise at ein kan ein valfri spesialkata for å få det svarte beltet.

I tillegg til desse tre kategoriane finst det våpenkata. Mellom anna finst det versjonar av alle shihotaiane for bo, så vel som bo-kataen Tenryu. Det finst òg kataer for bokken.

Den siste typen kataer er ki-kataene. Sjå ki-seksjonen.

[endre] Randori

Randori er eit konsept som er meir unikt enn kata. Somme andre kampsportar bruker noko dei kallar randori, men det er ikkje det samme systemet. Ein randori i nanbudo er ein sjustegskamp mellom to utøvarar. Desse kampane er stiliserte, og sjølv om teknikkane ikkje er urealistiske, slik som dei ofte er i kata, så er ein randori på inga måte ein ekte kamp. Kvar randori har eit sett teknikkar, og ein rekkjefølgje som desse utførast i.

Dei to utøvarane i ein randori kallast for tori og uke. Tori er angriparen, medan uke forsvarar seg. Båe har eit bestemt sett teknikkar dei skal utføre. Tori sine teknikkar varierer ikkje så mye frå randori til randori. Som regel er det eit vensterhandsslag, eit høgrehandsslag, eit framspark med venstre bein, eit framspark med høgre bein, eit rundspark med venstre bein, eit rundspark med høgre bein og eit slag med venstre hand igjen. Berre nokre få randori har unntak frå dette mønsteret. Uke sine teknikkar er atskillig meir vairerte. Kvar einaste randori har sitt eiga sett med forsvar, og veldig få forsvar går att i to randoriar. Her brukast alle typer forsvar, frå slag og spark, til kast, feiingsteknikkar, låsegrep og smerteteknikkar. Per dags dato finst det rundt 20-30 randori, men det hender at Meister Nanbu finn på nokre nye.

Randoriane, som alt i nanbudo, har eit strengt og formelt oppsett, med bestemte ritual kring det å utføre ein randori. Dei to utøvarane står i musubi dachi (giv akt) med anletet mot motstandaren. Dei seier namnet på randorien dei har tenkt å utføre, og kva for rolle dei skal ha. Tori, som angripar, erklærar si rolle fyrst. Viss dei to utøvarane ikkje har same beltegrad får den høgast graderte vere uke fyrst. Dette gjerast ut av respekt, og av di det lar den mindre erfarne utøvaren sjå kva den høgare graderte utøvaren gjer. Sidan ein nesten alltid utførar ein randori to gonger får så den lågare graderte utøvaren prøve seg. Etter at ein har erklært si rolle utførar båe deltakarar yoi, som er ein kort pusteøvelse for å konsentrere seg, og inntek ein meir kampklar stilling (shizen heiko dachi). Når begge har gjort dette, seier sensei: "kamate", og begge utøvarane intek denen stillinga. Sensei seier: "hajime", og randorien kan byrje. Etter kvar teknikk bytter dei side, unnteken den siste teknikken. Då tar dei opp den plassen dei hadde før randorien byrja. Sensei seier; "yoi" igjen, og utøvarane går tilbake til shizen heiko dachi og utførar yoi igjen. Så går dei tilbake til musubi dachi, og bukkar.

Sjølv om randori vanlegvis utførast mellom to personar, så finst det òg eit system for kamp mellom fleir enn to personar. Den vanlegaste formen er nini gake, med to tori og ei uke, men det kan gjerast med tre tori (sanni gake) eller fleir. Nykkjelordet er at uke må halde den angriparen han forsvarar seg mot mellom seg og dei andre angriparane, slik at han ikkje legg seg open for bakhaldsangrep.

Det faktum at randoriane berre vektlegg forsvar er av di nanbudo som kamsport berre er ein forsvarssport, som trener firsvar, og ikkje på noko vis ein angrepssport.

I likskap med kataen finst det òg randori med både bokken og bo.

[endre] Ju

[endre] Ki

[endre] Gradane

Som med dei fleste japanske kampsportar brukar nanbudo eit graderingssystem for utøvarane. Dette systemet viser kor lenge ein utøvar har dreve med nanbudo, og i teorien kor god ho er. Opprinneleg fanst det berre to belter; kvitt og svart. Det fanst fleire grader svart belte, men kvitt, som var for nybeynnarar, fanst berre i ei grad. Men kring tida då japansk kampsport kom til USA (etter andre verdskrig) vart eit meir detaljert system satt opp. Dette systemet nytter fargar for å skilje mellom ulike nybegynnarnivå. Kva for fargar som nyttast, og kor mange beltegrader som finst varierar frå stilart til stilart. Men dei japanske systema har ei tin til felles. Dei er delte i kyugrader (nybegynnergrader) og dangrader (svartbeltegrader). Det finst sju kyugrader, frå sju til ein, der ein er høgst. Desse gradane er:

  • kvitt (7. kyu)
  • kvitt med gul stripe (6. kyu)
  • gult (Deshiiri, 5. kyu)
  • oransje (Deshiiri, 4. kyu)
  • grønt (Deshi, 3. kyu)
  • blått (Deshi, 2. kyu)
  • brunt (Uchideshi, 1. kyu)

For å få eit nytt belte og dermed stige i grad, må ein utøvar bestå ein eksminasjon. Dei høgst graderte utøvarane (høgare enn 1. Dan) som er tilgjengelege er då eksaminatorar. Utøvaren må då klare å demonstrere at han meistrar det ein skal kunne på den neste graden tilstrekkeleg til å fortjene graden. Hvis eksaminator ikkje har sett utøvaren utøve før, må ho kanskje utføre delar av pensum til lågare graden også. Eksaminasjonen er per dags dato berre fysisk, men deter snakk om å ha med teoretisk stoff i framtida.

Hangradane: I tillegg til kyugradane finst det hangradar. Desse er mellom kyugradene, unnteken mellom 7. og 6. og mellom 6. og 5. Desse gradene tek beltefargen og namnet til graden over, men med ein kvit stripe langs beltet, og ordet han etter gradnamnet. Til dømes ville ein som har hangraden mellom oransje og grønt ha eit grønt belte med kvit stripe og ha graden 3. kyu han ('sankyu han). Uttøvarar under 18 år må ta hangradane i tillegg.

Når ein er blitt 18 år kan ein ta svart belte, dersom ein har vorte ferdig med alle kyugradane. Som med kyugradane fist det mange grader av svart belte (dangrader). Det finst ni nivå av svart belte, frå ein til ni (det finst eit tiande nivå, men dette er det berre grunnleggjaren som kan få, og det er dermed berre Doshu Nanbu som har det. Dei ti dangradane er:

  • Fukoshidoin (1. dan)
  • Shidoin (2. dan)
  • Kyoshi (3. dan)
  • Kyoshi Sensei (4. dan)
  • Shihandai (5. dan)
  • Shihan (6. og 7. dan)
  • Hanshi (8. og 9. dan)
  • Doshu (10. dan. Æresdan til grunnleggjaren).

Ein må bestå ein eksamen for både fukoshidoin og shidoingradane, men etter det er det som regel eit spørsmål om skjønn frå Meister Nanbu si side. Høgare dangradar vert gitt dersom utøvaren viser særskilt eksellens innanfor nanbudo, anten fysisk eller mentalt (den mentale delen veigar tyngre) eller for dedikasjon og hardt arbeid for å forbetre nanbudo og apparatet rundt sporten. Når han ein dag døyr vil antakeligvis denne jobben gå til anten ein arvtakar eller eit råd av dei høgst graderte svartbeltane. Per dags dato (juli 2005) har ingen oppnådd noko høgare dan enn 6.

Sjølve beltet varierer mellom grader. På kyu- og kyu han-gradane er beltet heilt enkelt, utan anna innskripsjon enn kommersielle merker. På dangradane er beltet brodert i gyllen tråd med dei japanske kanjiteikna for Worldwide Nanbudo Federation på den eine enden, og kana- eller kanji- som gir likast ordlyd med namnet til eigaren. 1.-5. dan er svarte belter, medan 6.-7. er røde og kvite i vertikale felt (på tvers av beltet.) 10. er heilt rødt.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com