Millisekund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millisekund er ei SI-eining for måling av tid, avleia av sekund. Eitt millisekund er lik 10−3 sekund. Symbolet for millisekund er ms.
[endre] Bruk
Millisekund blir brukt for å måla hendingar som skjer svært raskt. Døme på ting ein kan måla i millisekun:
- 1.0 millisekund er ein periode for frekvensen 1 kHz
- 1 ms er normal varigheit for ein typisk fotografiblitz
- 2 ms er halveringstida for hassium-265
- 2.27 ms er perioden for nota A over middel C (440 Hz). Dette er den vanlege lyden for ein stemmegaffel.
- 3 ms er tida det tek ei flue å slå med vengene
- 3.4 ms er halveringstida for meitnerium-266
- 5 ms er tida det tek ei bie å slå med vengene
Måleiningar for tid | |
---|---|
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår |