Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lounis Ait Menguellet - Wikipedia

Lounis Ait Menguellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den algerske musikaren Lounis Aït Menguellet (f. 17. januar 1950), var fødd i Ighil Bouammas, ein liten landsby i Djurdjurafjella, tett ved Tizi Ouzou i Storkabyliet (Grande Kabylie) i Algerie.

Lounis Aït Menguellet er ein av dei mest populære kunstnarane i Algerie og ein av dei som er best rotfeste i algersk samtidsmusikk. Som poet har han vorte eit symbol på den tiltakande interessa for tamazightisk identitet. I samband med uroa i Kabylia dei seinare åra har han sagt at regionen har gått i brodden for og vorte ein bastion i striden for tamazightiske rettar. Han har òg sagt at «eg talar om Kabylia på min måte, for å freista å få fart i utviklinga», for så å leggje til at han ikkje driv med politikk.

Det vart sagt at han korkje er filosof eller tenkjar, berre poet, («dei fortel meg det så ofte at eg tek til å tru det» seier han) og at ham legg band på seg for å ikkje driva politikk i songane sine. Eg berre observerer: både rett og gale. Eg er berre eit talerøyr. Men det kjennest godt å kunna sia det». Med enkle ord fortel om livet til folk flest, som han lever saman med, og veit å få fram ein emosjon som grip massane og fører til at fleire og fleire strøymer til konsertane hans. På ein beskjeden måte seier han: «eg er berre ein vanleg person, vanlegare enn kolk flest».

Aït Menguellet syng med ein sjarmerande og gripande stemme, som får ein til å tenkje på trubadurane frå mellomalderen, samtidig som den tykkjest tidlaus. Stemma representerer eit folk som har klart å taka vare på sjela si. Den varme magiske stemma tek med seg lyttarane til Kabylia. Trubaduren, songaren og komponisten Aït Menguellet fører vidare den orale tradisjonen frå dei kabylske fjellområda og formidlar på ein strålande måte tradisjon frå poeten Si Mohand, som døydde i 1906. Songarinna Marguerite Taos Amrouche, syster til poeten Jean Amrouche (som døydde i eksil i Tunisia), er òg kjent for ei glimrande framføring av songane til Si Mohand.

Den kabylske songtradisjonen var lenge marginalisert og redusert til ei minoritetsgruppe, men på grunn av Lounis Aït Menguellet har den på nytt kome til heider og verdigheit. I over tjue år var det forbode å kringkasta dei tradisjonelle tamazightsongane, som Slimane Azzem song tidlegare. Sprengkrafta i songane til Louinis ligg i tekstane, i krafta i verba; «Freden krev ordet: det skjer meg i hjarta å verta tvinga til å forlate deg, du fedreland, som eg har så kjært. Dei uttrykkjer sin kjærleik til meg ved å samanlikna meg med ei rapphøne. Ven er eg når eg er festmåltidet deira ...», som det heiter i ein av tekstane hans. I ein annan syng han: «Vi har hylla stjernene, som er utanfor vår rekkjevidd. Vi har hylla fridomen, som er like fjern som stjernene.».

Lounis Aït Menguellet er klår over kva rolle songane hans har spela for å halda vedlike og sikra posisjonen til det taqbaylitiske (kabylske) språket. I songane hans vert tekstane og språket eit viktig reiskap for å ta vare på morsmålet, noko han ser på som ei livsoppgåve. Kjernen i tekstane har alltid vore kjærleiken til Kabylia, det algerske hjarta. Mange kabylarar har lært morsmålet sitt takka vera songane til Lounis. Dei kabylske orda talar til dei og dei held fram med å læra meir: «Språket, det er mor, det er jorda».

Gruppa er på berre fire personar, to slagverkarar, ein gitarist og sonen, Djaâffar, som spelar fløyte eller trakterer ein syntheziser. Etter at sonen vart med i gruppa har lyrikaren Lounis Aït Menguellet freista å utvikla musikkstil vidare.

Lounis Aït Menguellet tykkjer at den kabylske songtradisjonen står seg godt og er nøgd med at mange nye songarar kjem til. Ham tykkjer at mange rytmiske songar høver godt for unge utøvarar, medan andre kabylske tekstar krev stort engasjement og fridom i uttrykksforma og meiner at desse tekstane er svært krevjande å framføra.

Ein kan dele karrièra til Lounis Aït Menguellet i to delar. Den fyrste delen er den mest sentimentale, med etter måten korte songar, medan den andre delen er meir politisk og filosofisk, med lengre tekstar med djupare meining som krev krev meir tolking. I nokre av sine seinare konsertar har han bevist velt å utfordra lyttarane sine til refleksjon og ettertanke med å syngje lengre og meir krevjande songar, som «Ahkim ur nsaa ara ahkim» (makt utan motmakt), Idul sanga anruh (vegen er lang), Nekni swarach n ldzayer (Vi, born av Algerie). Då han presenterte eit nytt album for pressa, den 16/1-2005, dagen før han feira 55-årsdagen sin i kulturhuse i Tizi Ouzou, kommenterte han at «kunstnarar gjer ikkje anna enn å tiltrekkje seg merksemda til folk og grava i samvitet deira. Dette er oppgåva til kunstbarane, men eg trur ikkje at eg er i stand til å løyse problema.» Lounis er oppgjeven over den sosiale og politiske stoda i Algerie og repertoaret hans ber no mindre preg av dei sentimentale songane som prega starten på karrièra hans.

Innhaldsliste

[endre] Heider frå Kateb Yacine

I ein artikkel, der han forsvara det taqbaylitiske (kabylske) språket, skreiv den kjente algeriske forfattaren Kateb Yacine, som døydde i 1989, ei hylling til Lounis Aït Menguellet:

« (…) Likesæle har sløva mange algeriar, som trur at dei er arabar eller franskmenn, slik at dei ikkje lenger bryr seg med røtene sine, slik at deira største poet har vorten framand for dei.

Eg drøymde at eg var heime i fedrelandet
Då eg vakna var eg i eksil
Vi, born av Algerie
Vi vart ikkje spara for kupp
Fedrelandet vårt har vorte eit fengsel
Dei stengjer dørene bak oss
Når vi protesterer
Svarar dei, om dei i det heile svarar
Hald munn, de som sitt i kasjotten

Ait Menguellet er i dag utan tvil den største poeten vår. Ingen samlar så mange tilhøyrarar som han når han syng, om det så er i Algerie eller i utlandet; synet av dei bølgjande massane og hopen som skremmer undertrykkjarane var verd provokasjonane frå politiet, påkjenningane og fengselsopphaldet. Det går rett til hjarta, folk vert rørt, han forvandlar dei og vekkjer dei frå likesæla:

Sov, sov, ein har god tid, du har ikkje talerett.
Når eit folk reiser seg for å forsvara språket sitt, kan ein verkeleg tala om kulturrevolusjon.»

Kateb Yacine (Utdrag frå «Forgjengarane doblar brutaliteten»).

[endre] Utgjevingar

Lounis Aït Menguellet har gjeve ut over 200 songar.

  • 1967-1975 : Om lag 70 titlar, som eit resultat av 45 turnéar.
  • 1976 : Anidha thedjam ammi (Luzine akham)
  • 1978 : Aaathar
  • 1979 : Ayagou
  • 1981 : Amdjahed (Ali d Ouali)
  • 1982 : Amachahu
  • 1983 : Almusiw
  • 1983 : Ammi
  • 1984 : Akbaili
  • 1984 : Arrac lezzayer
  • 1986 : Asefru
  • 1987 : « Les années d'or » (gullalderen) 48 titlar, fordelte på 6 skiver (45 turnéar)
  • 1988 : Achimi
  • 1990 : Avrid n temzi
  • 1992 : Akw nikhdaa Rebbi
  • 1993 : Awal
  • 1995 : Iminig egguid
  • januar 1997 : Siwliyid thamac
  • desmber 1998 : Amjahed
  • juli 1999 : Inagan
  • januar 2000 : Askouti
  • januar 2001 : Inasen
  • januar 2005 : Yennad Umghar

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde

Omsett frå fransk wikipedia (ikkje ferdig omsett).

Kunst Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over kunstspirer.

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com