Livssynshumanisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Livssynshumanisme, human-etikk eller sekulær humanisme er ei grein av humanismen som står for ein ikkje-religiøs måte å sjå verda på. Han oppstod under Opplysningstida som ein reaksjon mot den kyrkjelege dominansen og autoriteten ved universiteta og i staten. Dei første representantane for denne retninga var likevel som regel kristne. Ein meir langtgåande form av ikkje-religiøsitet er den profane humanismen, som er direkte ateistisk og heilt avviser trua på ein gud, og som oppstod først på 1800-talet.
Den viktigaste sekulær-humanistiske organisasjonen i Noreg er Human-Etisk Forbund. Den internasjonale humanistiske paraplyorganisasjonen, International Humanist and Ethical Union (IHEU), skriv i sin grunnleggjande definisjon av humanisme dette:
«Humanisme er eit demokratisk og etisk livssyn, som hevdar at menneske har både rett og plikt å gi meining og form til sine eigne liv. Han står for oppbygginga av eit meir menneskeleg samfunn gjennom ein etikk basert på menneskelege og andre naturlege verdiar i ei ånd av fornuft og fri søking gjennom menneskelege evner. Han er ikkje teistisk (gudebasert) og godtar ikkje overnaturlege skildringar av røynda.» (Minimum Statement on Humanism).