Lars Korvald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Korvald (29. april 1916 - 4. juli 2006) i Nedre Eiker kommune i Buskerud fylke var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han var òg formann i Kristeleg Folkeparti, stortingsrepresentant og Lagtingspresident.
Det var Korvald som i 1972 tok den då 25 år gamle Kjell Magne Bondevik inn i rikspolitikken ved å gjera han til statssekretær ved statsministeren sitt kontor. Lars Korvald si regjering etterfylgde Trygve Bratteli si fyrste regjering i 1972. Trygve Bratteli hadde sagt at regjeringa frå Arbeidarpartiet ville gå av om det vart nei- fleirtal i folkerøystinga om EF- medlemsskap. Då det vart nei- fleirtal og Bratteli si regjering gjekk av, danna Korvald ei regjering med stønad frå partia Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ei viktig oppgåve for regjeringa var å forhandla fram ei norsk handelsavtale med EF. Mindretalsregjeringa til Korvald gjekk av i 1973, og Trygve Bratteli si andre regjering tok over.
Føregjengar: Trygve Bratteli |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Trygve Bratteli |