KS «Norge»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KS «Norge» | |
Lengd | 80,6 meter |
Breidd | 11,6 meter |
Djuptgåande | 4,7 meter |
Bruttotonnasje | 1625 tonn |
Marsjfart | 14 knop |
Besetning | 18 befal og 36 vernepliktige |
Heimehamn | Oslo |
KS «Norge» eller Kongeskipet «Norge» er eit skip som er eigd av kongen av Noreg. I samband med at H. M. Kong Haakon VII vart konge av Noreg i 1905, vart han lovt eit eige kongeskip. Noka slikt skip vart ikkje kjøpt, men etter andre verdskrig vart det organisert ei pengeinnsamling. Målet var å gje kongen eit skip som ei folkegåve. I 1947 vart den britiske motoryakten «Philante» kjøpt inn for 1,5 millionar kroner. Båten vart bygd av Camper & Nicolson i Southampton og vart sjøsett 11. februar 1937. Den var opprinneleg eigd av flyprodusenten Thomas Sopwith. I den andre verdskrigen vart båten nytta av den britiske marinen til eskortefarty over Atlanterhavet.
No vert KS «Norge» nytta av kongefamilien til offisielle og private reiser i Noreg og i utlandet. Båten er drifta av Kysteskadren.