Kristin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin, Kristine, Kristina, Kristi og Kristiane er alle nordiske kvinnenamn som er avleia av Kristian og tyder den kristne. Desse namna har namnedag i Norge og Sverige den 24. juli. Alle namna har alternative skrivemåtar med Ch i staden for K som første bokstav, med Christina og Christiane som dei mest vanlege.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
I Noreg var namnet Kristin nesten ikkje i bruk før 1940, men i dag er dette det mest brukte av desse namna. Det er nær 17.000 kvinner som har Kristin til førenamn, mot 11.000 Kristiner, 3.000 Kristinaer, 900 Kristier og 499 Kristianer. Kristine var mykje i bruk rundt slutten av både det nittande og det tjuande hundreåret, men var til dels lite brukt imellom desse bølgetoppane.
[endre] Variantar
Kirsten, Kjerstin, Kjersti og Kirsti er andre variantar av namnet. Namna har mange kortformer, til dømes Chris, Chrissi, Stine, Stina, Kriss, Krissi, Tine og Tina.
[endre] Namnet i litteraturen
Kristin Lavransdatter er hovudpersonen i ein kjend trilogi av Sigrid Undset. Krestiane Kristiania er ein romanfigur skapa av Toril Thorstad Hauger.
[endre] Kjende namneberarar
- Kristina av Bolsena, etruskisk martyr
- Kristina av Sverige, regjerande svensk dronning
- Christina Aguilera, amerikansk songar
- Kristin Clemet, norsk politikar
- Kristin Halvorsen, norsk politikar
- Kristin Krohn Devold, norsk politikar
- Christina Milian, kubansk-amerikansk songar
- Christine de Pisan, fransk diktar
- Christina Ricci, amerikansk skodespelar
- Christina Rossetti, engelsk diktar
- Kristin Størmer Steira, norsk langrennsløpar
- Kristina Smigun, estisk langrennsløpar
[endre] Sjå òg
- Kristinfeltet - eit naturgassfelt i Norskehavet
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristin, Kristine og Kristina hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Christina på behindthename.com