Kongens Fortenestemedalje i sølv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongens fortjenstmedalje i sølv vert delt ut som løn for serleg fortenesteleg innsats over lengre tid i samfunnslivet i offentleg stilling eller verv, ved innsat i friviljuge organisasjonar eller ved anna personleg verksemd av stor samfunnsnytte. Han vert óg delt ut for serleg fortenestefullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste, der innsatsen er betydeleg over det normale og der vedkommande òg har vist aktiv innsats innanfor eller utanfor arbedsplassen sin. Ein må normalt ha ei tenestetid på over 40 år. Medaljen kan óg delast ut til ein samfunnsborgar med ein innsats gjennom livet som kan stå til føredøme for andre.