KNM «Rap»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KNM Rap er anerkjent som den fyrste torpedobåten i verda. Namnet kjem frå den danske stavemåten av rapp og tyder kjapp. Båten var 18 meter lang, og hadde ei toppfart på 14,5 knop. Den blei levert frå Thorneycroft i England i 1873. På dette tidspunktet var ho eitt av dei raskaste fartya i verda.
Opprinneleg skulle KNM Rap utstyrast med stangtorpedo, men etter utprøving med slepetorpedo vart ho utstyrt med det. I 1879 vart båten utstyrt med utskytingsrammer for motoriserte torpedoar.
KNM Rap vart sett ut av drift i 1920. Då var ho veldig utdatert. I dag er KNM Rap utstilt ved Marinemuseet i Horten.
Båten har óg gjeve namn til ein eigen klasse på seks MTBar som vart bygd på 1950-talet.