Kjerag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjend turistmål i regionen. Platået vert mykje nytta av basehopparar, sidan fjellveggen går 1000 meter rett ned i Lysefjorden.
I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5 m³ stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.
Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.