Kalvåg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Kalvåg er ein tettstad i Bremanger. Bygda ligg ytst i havgapet på øya Frøya. Fram til 1964 var Kalvåg kommunesenter i Bremanger kommune. Det bor om lag 350 innbyggere i Kalvåg og 570 på heile Frøya. I dag har Kalvåg et eineståande og gammalt sjøhusmiljø som går for å være det største og best bevarte sjøhusmiljøet i fylket. Mange av dei gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting. Havna er god, med store offentlige kaianlegg og gjestehamn med flytebrygger utanfor Knutholmen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
På 1860-tallet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, med ein befolkning på oppimot 11 000 menneske under fiskesesongen. I 1871 var det 52 salteri i Kalvåg og bygda hadde losjihus, forretninger, handelsvirksomhet, sjukehus, lege, bedehus, kyrkje, lensmannsgård og skulehus. Fiskeri har vore hovednæringa i Kalvåg, og på 1980-tallet etablerte Domstein AS seg på Kalvøyna og er no den nest største private arbeidsgjevaren i kommunen. I 1921 vart det utarbeida eit reguleringskart for Kalvåg og dette vart utgangspunktet for ein Estetisk plan som ein del av Kalvågprosjektet. L/L Kalvåg Vassverk vart etablert av Kalvåg byggekommune i 1944.
[endre] Nyare hendinger i Kalvåg
I 2005 holdt Forbundet Kysten sitt landstemne i Kalvåg. 600 båtar og 10.000 besøkande vitja bygda. Kalvåg har og vore gjestehamn for nokre av seilskutene i Tall Ship Race forrige gang dei vitja kysten av Sogn og Fjordane. Kvart år vert det arrangert Kystkulturfestival i Kalvåg og Sommerakademiet er og ein kulturtradisjon i Kalvåg.
[endre] Kjende personar frå Kalvåg
- Heidi Grande Røys SV minister i Stoltenberg regjeringa.
- Nikolai Astrup ble født på prestegården Kalvåg i Bremanger 30. august 1880, men frå han var tre år gamal vokste han opp på prestegarden på Ålhus i Jølster der faren var sokneprest.
- Svein Inge Fosse Handelsmann, turistvert og daglig leiaer av Knutholmen i Kalvåg
- Jorunn Frøyen Lokalpolitikar for Høyre
- Olav J. Frøyen Rektor ved Frøyen Skule
- Per Røys Leiar for Domstein Kalvåg og Brødrene Larsen EFTF i Kalvåg
- Ove Johan Totland ledet Kalvågsprosjektet. Disponent for Ing. Totland Mek. Verksted AS i Kalvåg.
- Audun Åge Røys Familien Røys har dreve ein av to butikkar i Kalvåg
- Ole Johan Grønskag Forfattar, Teater.
- Yngve Frøyen Forfattar
[endre] Lenkjer ut
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |