Joachim Rønneberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Holmboe Rønneberg, (f. 30. august 1919) i Ålesund , er ein norsk offiser. Han har den militære grada fenrik. Rønneberg var under andre verdskrig medlem av Kompani Linge. Han var leiar for gruppa Swallow/Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vemork ved Rjukan. Mot slutten av krigen leia Rønneberg operasjon Fieldfare i Tafjordfjella på Sunnmøre. Oppdraget var å førebu åtak på tyske forsyningsliner ned Romsdalen. Etter krigen arbeidde Rønneberg i NRK, mellom anna som programsekretær. I Veltdalen i Tafjordfjella ligg den såkalla Fieldfare-hytta. Hytta har Rønneberg vore med og rekonstruert for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.