Janez Drnovšek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janez Drnovšek (fødd 17. mai 1950 i Celje) er ein slovensk politikar og president i Slovenia sidan 2002. Han har òg vore statsminister i Slovenia og president i Jugoslavia.
Drnovšek vart fødd i Celje i det som då var den slovenske delrepublikken i Jugoslavia. Han er utdanna økonom med doktorgrad frå universitetet i Maribor i 1986. Han har arbeidd i eit bygningsfirma, i bank og som økonomisk rådgjevar ved den jugoslaviske ambassaden i Kairo. I 1986 vart han vald som delegat til parlamentet i Slovenia og også det jugoslaviske parlamentet. I 1989 vart det for første gong heldt frie val i Slovenia til plassen som Slovenia sin representant til Jugoslavia sitt kollektive presidentskap og Drnovšek vann valet. Han vart dermed det første fritt valde medlemmet i presidentskapet. På denne tida rullerte posten som formann i presidentskapet, og dermed president i Jugoslavia, mellom dei ulike delrepublikkane for eit år om gongen. I 1989 var det Slovenia sin tur til å ha presidenten, og Drnovšek vart dermed president i Jugoslavia, frå 15. mai 1989 til 15. mai 1990. Han var på denne tida framleis medlem i kommunistpartiet.
I 1991 erklærte Slovenia sjølvstende, og ein kort krig braut ut mot den jugoslaviske hæren. Drnovšek leia forhandlingane på øya Brioni som endte med våpenstillstand og tilbaketrekkjing av dei jugoslaviske styrkane. Etter at Slovenia vart sjølvstendig har han vore ein av dei mest framtredande politikarane i landet. I 1992 vart han leiar av partiet Slovenias Liberale Demokrati (Liberalna Demokracija Slovenije - LDS), og i april same året vart han statsminister i Slovenia. Han fokuserte på økonomiske reformar og privatisering. I hans tid som statsminister starta prosessane med å oppnå slovensk medlemskap i NATO og EU. Han sat som statsminister til 2002, med nokre få månaders avbrot i 2000. I 2002 gjekk han òg av som partileiar. Ved presidentvalet 10. november og 1. desember 2002 vart han vald til president med 44,4 % i første valrunde og 56,5 % i andre runde. Perioden hans varer til 2008. I 2006 forlot han partiet LDS.
Janez Drnovšek er veganar. Han er skild og har to vaksne born.
Føregjengar: Raif Dizdarević |
President i Jugoslavia |
Etterfylgjar: Borisav Jović |
Føregjengar: Lojze Peterle |
Statsminister i Slovenia |
Etterfylgjar: Andrej Bajuk |
Føregjengar: Andrej Bajuk |
Statsminister i Slovenia |
Etterfylgjar: Anton Rop |
Føregjengar: Milan Kučan |
President i Slovenia (2002– )
|
Etterfylgjar: — |