Inge II av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge II Bårdson (1185 - 23. april 1217), norrønt Ingi Bárðarson, var konge av Noreg frå 1204 til 1217. Styringstida hans var mot slutten av borgarkrigstida i norsk historie. Inge var birkebeinane sin konge. Kvitsøyforliket med baglane i 1208 førte til fred i dei siste ni åra av kong Inge si styringstid, mot at Inge og birkebeinane godkjende baglarstyret over Vika (Oslofjordområdet).
[endre] Bakgrunn
Faren til Inge, Bård Guttormsson, var ein framståande lendmann frå Trøndelag. Han var ein tidleg tilhengjar av kong Sverre, birkebeinarkongen som vann makta seint på 1100-talet etter mange år med krigføring mot kong Magnus Erlingsson. Mora til Inge, Cecilia, var dotter av kong Sigurd Munn. Ho hadde vore gift med lagmannen Folkvid i Värmland i Sverige. Etter at broren hennar, Sverre, hadde vorte konge av Noreg forlet ho mannen sin og reiste til Sverre i Noreg. Ho hevda at ho hadde blitt gifta bort til Folkvid mot viljen sin. Erkebiskopen annullerte ekteskapet hennar med Folkvid, og Sverre gav ho i ekteskap til den trufaste støttespelaren sin, Bård Guttormsson. Inge var einaste sonen til Bård og Cecilia.
[endre] Tronfylgje
Etter at kong Sverre døydde i 1202 døydde sonen, Håkon Sverresson og sonesonen, Guttorm Sigurdsson, i løpet av to år. Birkebeinane hadde dermed ingen direkte etterkomarar av Sverre som dei kunne velja til konge, då dei endå ikkje visste om Håkon Håkonsson, ein siste soneson av kong Sverre. Sverre sine gamle fiendar, baglane, utnytta stoda til å gjera ei hærferd til Vika under kongen sin, Erling Steinvegg, og erklæra han som norsk konge. Etter at den fire år gamle kong Guttorm døydde i 1204 trengte birkebeinane ein sterk leiar for å motstå det nye trugsmålet frå baglane. Birkebeinane sine militære leiarar ynskte jarlen Håkon Galen, som hadde styrt kongedømet som formyndar for kong Guttorm. Håkon var ein eldre halvbror av kong Inge, son av Cecilia og Folkvid. Erkebiskop Eirik Ivarsson av Nidaros allierte seg med bøndene i Trøndelag og kravde at Inge, som til då hadde styrt Trøndelag under Guttorm, skulle bli konge. På tinget kom dei fram til eit forlik, slik at Inge vart konge, men Håkon vart leiar for hæren, og fekk halve den kongelege inntekta.
Til 1208 kjempa kong Inge og birkebeinane mot baglarane. Det kom då eit forlik mellom han og Filippus Simonsson baglarkonge, som fekk styra i Vika (Viken). Forliket fann stad på Kvitsøy i Rogaland og vart kjend som «Kvitsøysemja». Konfliktane mellom baglarane og birkebeinarane slutta då både Inge og Filip døydde i 1217. Etterfølgjaren, Håkon 4. Håkonsson, vart godteke av både baglarar og birkebeinarar.
Inge er gravlagd i Nidarosdomen i Trondheim.
Føregjengar: Guttorm Sigurdsson |
Konge av Noreg |
Etterfylgjar: Håkon Håkonsson |