Herbjørg Wassmo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herbjørg Margrethe Wassmo, kjend som Herbjørg Wassmo, (fødd 6. desember 1942 på Myre i Øksnes kommune i Vesterålen) er ein norsk forfatter.
Ho er utdanna lærar. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Det litterære gjennombrotet fekk ho med romanen Huset med den blinde glassveranda i 1981, boka var første del i triologien om Tora, dei andre bøkene i serien heiter Det stumme rommet og Hudløs himmel. For Hudløs himmel fekk Wassmo Nordisk Råds litteraturpris. Serien om den incestutsette tyskarungen Tora vart ein stor publikumssuksess. Det vart også serien om Dina, Dinas bok, Lykkens sønn og Karnas arv. Dinas bok vart i 2002 filmatisert som I am Dina med Maria Bonnevie og Gérard Depardieu i leiande rollar. IMDB
Bøkene hennar er vorte omsette til ei rekkje språk.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1981 Kritikarprisen for Huset med den blinde glassveranda
- 1983 Bokhandlarprisen for Det stumme rommet
- 1986 Nordland fylkes kulturpris
- 1987 Nordisk Råds litteraturpris for Hudløs himmel
- 1991 Gyldendals legat
- 1997 Amalie Skram-prisen
- 1998 Prix Jean Monnét
[endre] Verk
- 1976 Vingeslag, diktsamling
- 1977 Flotid, diktsamling
- 1981 Huset med den blinde glassveranda, roman
- 1983 Det stumme rommet, roman
- 1983 Juni-vinter, skodespel
- 1984 Veien å gå, dokumentarroman
- 1985 Mellomlanding, skodespel
- 1986 Hudløs himmel, roman
- 1989 Dinas bok, roman
- 1991 Lite grønt bilde i stor blå ramme, diktsamling
- 1992 Lykkens sønn, roman
- 1995 Reiser - fire fortellinger
- 1996 Hemmelig torsdag i treet, barnebok
- 1997 Karnas arv, roman
- 2000 Det sjuende møte, roman
- 2003 Flukten fra Frank, roman