Hanne Ørstavik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanne Ørstavik (fødd 28. november 1969) er ein norsk forfattar. Ho vaks opp i Finnmark fylke, men flytta til Oslo 16 år gamal.
Ho er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga psykologi, fransk og sosiologi. Ho har òg to grunnfag frå Statens Lærarhøgskole i forming og forfattarstudiet i Bø. Både hennar utdanning og opphav gjev seg utslag i hennar romanar.
Ho debuterte med romanen Hakk (1994) og fylgde opp med Entropi (1995). Det som karakteriserer desse bøkene er ein minimalistisk stil der det vert nytta korte, skildrande setningar. Det vert fokusert på observasjonar og konkrete registreringer.
Romanane skrivne mot slutten av 1990-talet syner utviklinga i forfattarskapen. Kjærlighet (1997), Like sant som jeg er virkelig (1999) og Tiden det tar (2000) vert tematisk rekna som ein trilogi. Trilogien skildrar nære familietilhøve, der foreldra sviktar. Ho fortel overtydande historiar og skildrar personar som har vanskeleg for å finne eit høveleg språk. Personane vert ofte stengd ute frå kommunikasjon eller stengd inne i seg sjølv. På det viset gjennomfører Ørstavik sitt språkkritiske prosjekt.
[endre] Verkliste
- Hakk (roman) (1994)
- Entropi (roman) (1995)
- Kjærlighet (roman) (1997)
- Like sant som jeg er virkelig (roman) (1997)
- Tiden det tar (roman) (2000)
- Uke 43 (roman) (2002)
- Presten (roman) (2004)
[endre] Prisar
- Tanums kunststipend 1998
- P2-lytternes romanpris 1999, for Like sant som jeg er virkelig
- Sult-prisen 1999
- Havmannprisen 2000, for Tiden det tar
- Oktober-prisen 2000
- Doblougprisen 2002
- Amalie Skram-prisen 2002
- Klassekampens litteraturpris 2004, for Presten
- Brageprisen 2004, for Presten