Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Håkon II av Noreg - Wikipedia

Håkon II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Håkon II (Sigurdsson) Herdebrei (dvs. skulderbrei) (11471162) var norsk konge frå 1157.

Håkon var uekte son av Sigurd Munn, og vart etter at faren og farbroren Øystein II Haraldsson var døde, teken til konge av deira tilhengjarar. Dei held fram kampen mot kong Inge Krokrygg under førarskap av Sigurd på Røyr (i Ringsaker). Flokken hadde ein del medgang og felte kong Inge i 1161 eit slag på isen ved Oslo. Håkon sitt parti hadde serleg støtte i Trøndelag. Han var nær ved å bli anerkjent (15 år gammal), men det overvunne partiet samla seg under Erling Skakke.

Snorre Sturlason skriv i Heimskringla (Norske kongesoger):

Då låg Håkon i ei hamn ... (alle handskriftene har eit ope rom for namnet) og hadde 14 skip. Han sjølv og mennene hans var oppe på øya og leika seg, men lendmennene hans sat på en haug. Då såg dei ein båt som kom roende sørfrå imot øya. Det var to mann i båten ... då svara den som først kunne få opp målet for trøttleik: «Her sigler Erling nordover imot dykk med 20 skip eller så pålag ...» Då stemnde alt mannskapet til skipa, og kvar sprang ut på det skipet som var nærast, og skipa vart ujamt manna. Nokre tok til årane og nokre reiste mastene og snudde skipa nordetter og stemde til Veøy; for der venta dei seg mykje hjelp fra bymennene. Eindride Unge hadde eit skip som heitte Draglaun, eit stort busse-langskip, og dette hadde for lite mannskap, for dei som før hadde vore ombord der hadde sprunge over på andre skip og det var det attarste av skipa hans Håkon.
Då Eindride kom rett utafor øya Sekken, kom Bøkesuda, som Erling Skakke styrde, etter dei og haka seg fast. Men skipet hans Håkon var mest kome inn til Veøy då dei høyrde lurane gjekk. Dei skipa som var nærast snudde att og ville hjelpe Eindride, og no la dei til slag frå begge sider. Då sette alle i hærrop og eggja kvarandre opp og rodde fram. I dette ståket fekk kong Håkon banesår. Liket til kong Håkon Herdebrei førte dei inn i Romsdalen og jorda det der; men kong Sverre, bror hans, førte sidan liket til kong Håkon nord til kaupangen, og let dei legge det i steinveggen i kristkyrkja på sørsida i koret.

Det står bautaer på Sekken og Veøy til minne om slaget. På Sekken vert det òg kvart år skipa til ein turmarsj, Herdebreimarsjen, til minne om Håkon Herdebrei.

Føregjengar:
Øystein II

Liste over norske monarkar

Etterfylgjar:
Magnus V

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com