Grini fangeleir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grini var opphavleg eit kvinnefengsel i Bærum kommune som vart tatt i bruk som ein krigsfangeleir av okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.
Dette vart den største fangeleiren i Noreg. Allereie den 24. april 1940 vart Grini tatt i bruk som fangeleir for ca. 700 fangar. I første krigsåret var formålet med leiren kortvarige interneringar. Frå 1941 vart leiren hovudsakleg bruka for oppbevaring av politiske fangar bringa inn frå heile landet. Frå same året av og fram til fredsslutninga vart totalt 19 788 fangar registrerte i leiren, av desse vart 3402 deporterte til fengsel og konsentrasjonsleirar i Tyskland og dei tyskokkuperte områda. På det meste var det sett inn 5400 fangar på Grini.
Det kom inn fangar frå mange lag av folket til Grini, her er døme på ein Nobelprisvinner, professorar, vitskapsfolk, kulturarbeidarar, idrettsfolk, politikarar, kunstnarar og losar som var involverte i å hjelpe flyktningar til Sverige og Storbritannia. Nokre av dei mest kjende fangane er:
|
|
|
|
Det er kjent at 8 fangar vart avretta på Grini i 1944, av dei 3 kvinner.
Frå 1945 til 1949 vart fengselet bruka til soning for landssvikdømde, sjå det norske landssvikoppgjeret.
Fengselet har frå år 2000 det offisielle namnet «Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt».