Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Georg Johannesen - Wikipedia

Georg Johannesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Georg JohannesenFoto: Gisle Hannemyr
Forstørr
Georg Johannesen
Foto: Gisle Hannemyr

Georg Johannesen (22. februar 193124. desember 2005) var ein norsk forfattar og professor i retorikk fødd i Bergen. Han tok magistergrad med ei avhandling om vårmotivet hjå Olaf Bull.

Johannesen debuterte som forfattar i 1957 med romanen Høst i mars under pseudonymet Guri Johns. Den handlar om to unge elskande som får kjærleiken øydelagd av normene og normalane i samfunnet, og som endar opp i det ekstreme - kvar på sin måte. I 1989 gav han ut sitt første romanprosjekt på 30 år, Romanen om Mongstad fletta omkring Mongstad-skandalen. Lyrikkdebuten i 1959 med Dikt 1959 innvarsla eit brot med den sensymbolistiske lyrikken frå 1950-talet. Samlinga Ars moriendi eller de syv dødsmåter frå 1965 spelar på den kristne truslæras sju dødssynder, men utan noko religiøst aspekt. I 1999 kom Ars vivendi, som tilsvarande refererer til de sju dydane tru, håp, kjærleik, mot, måtehald, rettferd og klokskap. Begge samlingane er fulle med referansar til mytologi, Bibelen o.a. eldre tekstar. Inspirasjonen frå Bertolt Brecht er tydeleg i hans eigen diktning, og han ga i 1961 ut ein samling med hundre gjendiktningar av Brechts lyrikk.

I hans skrifter var han opptatt av språkets tilslørende evne. Å avsløre språket var eit av hans viktigaste anliggender: «Viktig: å bygge skrivemaskinen / om til maskingevær / som skifter til rødt fargebånd / mens ørnene stivner til rutefly / Viktig: at pennen er spiss / og stikker øyenhull i masken.» Dikteren må forsøke å gripe inn i den politiske virkeligheita, sjøl om det er ein umuligheit i og med at diktet nettopp ikkje er handling. Oppgaven består i å oppheve skiljet mellom dikt og virkeligheit: «Denne sang er bare handling, ikke ord / ... / Denne sang er bare blod og ikke blekk» heiter det i Jødisk partisansang.

I 1967 oppførte Det norske teatret skuespillet Kassandra, tydeleg Brecht-inspirert, men også prega av revy og kabaret. Kassandra er ein moderne utgave av ein komedie av Aristofanes. Stykket blei anmeldt for blasfemi, men saken blei henlagt. Etter ein lengre periode utan skjønnlitterær produksjon, kom Johannesen mot slutten av 1970-talet med tre satiriske prosabøker i bibelstil, Tredje kongebok, Johannes bok og Simons bok Samen med den satiriske Romanen om Mongstad kan disse leses som eit grunnleggjande oppgjær med etterkrigstidas norske sosialdemokrati.

Georg Johannesen var ein av dei mest hardtslåande essayister i norsk litteratur, og i essayane så vel som i diktene hadde han ein forkjærligheit for paradokset, det plutselige tankespranget og dei provoserande sammenstillingane.

Forfattaren blei tildelt Gyldendals legat i 1966, og mottok Cappelenprisen i 1999.

Georg Johannesen døydde under ein ferietur i Egypt den 24 desember 2005.

Innhaldsliste

[endre] Nokre verk

[endre] Romanar

  • 1957: Høst i mars
  • 1978: Tredje kongebok
  • 1978: Johannes' bok
  • 1980: Simons bok
  • 1988: Romanen om Mongstad (under pseudonymet Guri Johns)

[endre] Lyrikk

  • 1959: Dikt 59 (dikt)
  • 1961: Nye dikt(dikt)
  • 1965: Ars Moriendi (dikt)
  • 1966: Tu fu (attdikting)
  • 1971: 100 dikt. Berthold Brecht (attdikting)
  • 1995: Dikt i samling
  • 1999: Ars vivendi

[endre] Skodespel

  • 1967: Kassandra

[endre] Faglitteratur, essays m.m.

  • 1975: Om den norske tenkemåten
  • 1975: Om varelyrikk og brukslyrikk
  • 1981: Om den norske skrivemåten
  • 1987: Rhetorica Norvegica
  • 1992: Retorikkens tre ansikter
  • 1993: Draumkvedet
  • 1994: Moralske tekster
  • 1996: Den første sommerfugl : bidrag til Henrik Wergelands resepsjonshistorie
  • 2000: Litteraturens norske nullpunkt
  • 2003: Nytt om Ibsen og andre essays
Eg er berre ei spire
med tankar få
eg veks berre til
om du fyller på
Litteratur Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira..
Oversyn over litteraturspirer.
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com