Geirr Tveitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geirr Tveitt (19. oktober 1908–1. februar 1981), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist, frå Bergen, men med røter i Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Etter oppmoding frå Christian Sinding reiste den unge Nils Tveit til Leipzig i 1928 for å læra musikk, særleg komponering. Allereie i det første året sitt på konservatoriet fekk tjueåringen gjeve ut sin Opus 1 ved det respekterte forlaget Breitkopf & Härtel. Vidare lærde han hjå Heitor Villa-Lobos i Paris, før han flytta til Wien og deretter Oslo.
Under den andre verdskrigen arbeidde Tveitt i NRK, som då hadde vorte nazifisert. Han blei statleg musikkonsulent i 1941, men kjempa for musikk av «ikkje-ariarar», som franske, russiske og jødiske komponistar. I protest mot den nazistiske musikkpolitikken sa Tveitt opp stillinga i 1942] og flytta til Norheimsund i Hardanger. Han blei med i motstandsarbeid, men blei likevel ekskludert frå TONO og Norsk Komponistforening etter at krigen slutta. Tveitt såg sjølv på dette som eit justismord. Den rådgivende nemd for opprydding i kunstnerorganisasjoner gjekk gjennom saka og uttalte at Tveitt ikkje hadde forrådd Noregs sak, men at han hadde lete personlege interesser gå føre omsynet til ei verdig nasjonal haldning, fordi han hadde teke mot kunstnarløn i perioden 1941–1945. Eksklusjonsvedtaket vart drege attende etter eitt år, men han fekk ikkje att kunstnarløn før i 1958.
Etter krigen heldt han seg lenge for seg sjølv, før han tok til å laga radioprogram for NRK i 1960-åra.
Då komponisten sitt hus i Norheimsund brann ned i 1970, gjekk mykje av produksjonen hans tapt, i tillegg til eit tusentals folketonar han hadde skrive ned. Dette gjekk sterkt inn på Tveitt, som heilt mista lysta til å arbeida.
[endre] Musikk
Tveit fekk etter kvart stor interesse for det norske og norrøne, og skifta namn til dei meir norrønklingande Geirr Tveitt i 1930-åra. I verka sine blanda Tveitt element frå den norske folkemusikken og den europeiske kunstmusikken, og skapa med det sin eigen eineståande stil. Hovudverket hans blir gjerne rekna for å vera Hundrad folketonar frå Hardanger, men den av songane hans flest nordmenn kjenner er truleg «Du skal ikkje sova bort sumarnatta».
Mykje av musikken til Tveitt er ikkje skriven i dur eller moll, men i modale toneartar, slik som lydisk. Denne er spesielt karakteristisk for norsk folkemusikk. Bakgrunnen for musikken har han skildra i det musikkteoretiske verket Tonalitätstheorie des parallellen Leittonsystems i 1937.
Ein del av musikken til Tveitt som gjekk tapt under brannen, blei seinere rekonstruert på grunnlag av arkivmaterial som radioopptak og liknande. I dag er 90 verk tilgjengelege. I dag blir Tveitt rekna som ein av de viktigaste norske komponistene, og det er blitt klart at tapet i 1970 ikkje bare var eit stort personleg, men òg eit kulturelt tap.
[endre] Verk i utval
- Pianokonsert nr. 1, op. 5 (1927)
- Prillar i G lydisk op. 8 (1931)
- Pianokonsert nr. 3
- Pianokonsert nr. 4, Nordljos, op. 130
- Variasjonar yvir ei folkevisa frao Hardanger fyre 2 klaver og orkester (1937)
- Baldurs draumar, ballett (1938)
- Solgud-symfoni: Tre orkesterstykke frå Baldurs draumar, op. 81
- Femti folkatonar frao Hardanger nr. 1 - 50 samla, nedskriven og teskjipa aot piano ..., op. 150 (1950)
- Suitene 1, 2, 4, 5 fra Hundrad Folkatonar frao Hardanger, op. 151 (mange av desse er arrangement frå op. 150)
- Pianokonsert nr. 5, op. 156 (1954)
- Harpekonsert op. 170
- Nykken, Symfonisk dikt, op. 187
- Jeppe, Opera, op. 250
- Hardingfelekonsert nr 1 op.163 (1955)
- Hardingfelekonsert nr 2, Tri fjordar, op. 252
- Telemarkin, kantate, (1974)
[endre] På verdsveven
[endre] Bakgrunnstoff
- Norges musikkhistorie – hovuddredaktør: Arvid O. Vollsnes – Bind 4 : «1914-50 : inn i mediealderen», s. 116–128. Oslo, 2000, Aschehoug. ISBN 82-03-22382-6
- «Tveit, Geirr» i NorgesLexi/Norsk krigsleksikon