Fredrik II av Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk konge: | 1559-1588 |
Dansk konge: | 1559-1588 |
Valspråk: | Intet uden Gud |
Etterfylgde | Kristian III |
Etterfylgjar: | Kristian IV |
Fødedato: | 1. juli 1534 |
Fødedstad: | Haderslevhus i Danmark |
Dødsdato: | 4. april 1588 |
Dødsstad: | Antvorskov Kloster i Danmark |
Gravlagd: | Roskilde Domkyrkje |
Gift med: | Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg |
Born: | Elisabeth (1573) Anna (1574) Christian (1577) Ulrik (1578) Augusta (1580) Hedevig (1581) Hans(1583) |
Frederik II (1. juli 1534 - 4. april 1588), son av kong Kristian III og Dorothea av Sachsen-Lauenburg, vart fødd på Haderslevhus i Danmark. Han var konge av Danmark-Norge frå 1559 til 1588 og var av den oldenborgske slekt. Etter faren sin siger i Grevefeiden vart Frederik i 1536 valgd som tronfylgjar med tittel "prins av Danmark". Då faren døydde i 1559 skreiv Frederik under på ei handfestning og kom på trona. I 1572 gifta han seg med sitt 15-årige syskenbarn, Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg, som var 23 år yngre enn han.
I 1559 erobra han Ditmarsken saman med farbroren Hertug Adolf av Gottorp. Elles var dei fyrste åra av hans regjeringstiad prega av eit store motsetnadar i høve til Sverige. Frederik 2. makta ikkje å få gjennomført dei militære planane sine under den Den Nordiske Sjuårskrigen frå 1563 til 1570. Frederik II hadde rekna med, at han med sine tyske leigesoldatar, snøgt kunne vinna krigen mot svenskane. På grunn av dårleg organisert tilførsle av forsyningar måtte dei vera vinteren over i Skåne. Planen var å rykkja snøgt fram mot Stockholm. Året etter var svenskane på frammarsj, og dei trengde inn i Noreg fleire stadar. Svenskane herja mellom anna i Halland og Blekinge. Mot sommaren fekk Frederik II organisert eit pengelån til at finansiera planane om eit åtak mot Stockholm. Åtaket fall i fisk og hæren måtte trekkja seg attende. Eit nytt forsøk mislukkast i oktober, og det danske Riksrådet mista mest tålmodet.
Frederik II såg seg nøydd til å kalla heim den gamle uvenen til faren, Peder Oxe. Peder Oxe fall i unåde hjå Christian III i 1556 og vart tvungen til å reis utanlands. Oxe vart gjeven lov til å koma attende til Danmark. Oxe gjorde mykje for å betra dei pengestoda til den danske staten. Adelen vart overtala til å ta større del i økonomiske ytingar. Øresundstollen vart tredobla. Ved freden i Stettin i 1570 var Danmark framleis den mektigaste staten i Norden.
Etter krigen kasta kongen seg over fleire prosjekt med slottsbygging. Kronborg ved Øresund vart bygd i 1574-84 og vart rekna som den sterkaste festninga i Norden.
Frederik 2. døydde 54 år gamal på Antvorskov Kloster den 4. april 1588. I likpreika sa presten, Anders Sørensen Vedel, at dødsårsaka måtte tilskrivast eit stort inntak av alkohol. Kongen vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje.
Etterfylgde: |
Liste over norske monarkar |
Etterfylgjar: |