Fosen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om landskapet Fosen. For andre tydingar, sjå Fosen (fleirtyding).
Fosen er eit landskap i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige fogderi (futedømme) under namnet Fosens fogderi.
Innhaldsliste |
[endre] Språk
Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unntak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.
[endre] Nyare regionsinndeling
[endre] Fosenregionen
I seinare år har dei av kommunane i landskapet Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar i landskapet Innherad i Nord-Trøndelag og definerer seg som regionen Fosen.
[endre] Sør-Fosenregionen
Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)
[endre] Orkdalsregionen
Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]
[endre] Sjå òg
- Fosenhalvøya
- Regionen Fosen
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |