Fel-Jakup
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fel-Jakup (1821–1876) eller Jakop Olsen Felodden vart fødd i Skjåk utanfor ekteskap og sett på legd i 7-års alderen.
Fel-Jakup vart også kalla Fel-guten og Loms-Jakup på Vestlandet. Han hadde ein høgt utvikla teknikk, og mange av slåttane hans kravde posisjonsspel. Han er truleg den mest kjende spelemannen på vanleg fele, og har vore samenlikna med Myllarguten og hardingfelemusikken.
I store delar av livet reiste han omkring i Gudbrandsdalen, Nordfjord, på Sunnmøre, i Romsdalen, på Nordmøre og på Oppdal, og han fekk mykje å seie både for spelestil og repertoar. Han spreidde den nyare dansemusikken, runddansslåttane, valsespelet, og springdansen. Fel-Jakup reiste også rundt saman med Fant-Karl eit par år midt på 1840-talet, og lærte mykje av han.
Fel-Jakup er den spelemann som har sett størst merke etter seg i Ottadalen. Han var det store idealet i samtida og for spelemenn i vår tid. Ei mengd slåttar er knytt til Fel-Jakup-namnet.
Meisterspelemannen Rikkar Skjelkvåle frå Skjåk vidareførte speltradisjonen etter Fel-Jakup. Tvillingbrørne Alfred og Mattias Bismo frå Skjåk var dei fremste læresveinane til Rikkar Skjelkvåle.