Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Brukardiskusjon:Erlend - Wikipedia

Brukardiskusjon:Erlend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Innhaldsliste

[endre] Velkomst

Hei Erlend, velkommen hit! Eg ser fram til mange fine bidrag frå deg til nynorsk wikipedia. Om du lurer på noko, er det bare å spørja, på diskusjonssida til ein artikkel eller ein brukar, medrekna di eigen. Det er òg fint viss du bruker kommentarlinja under redigeringsboksen når du gjer endringar, slik at me andre veit kva du har gjort. Helsing Ranveig 21. mai 2005 kl. 1436 (UTC)

Velkommen Erlend! :) Bjarte 22. mai 2005 kl. 1323 (UTC)

Takk for det, begge to!! :) Eg finn vel ut litt etter kvart korleis ting fungerer. Blir ikkje dei heilt store bidraga frå meg før etter eksamensperioden er ferdig da, reknar eg med. I tilfelle eg finn ut at eg må spørje om noko: Får de to, sidan de er administratorar, automatisk melding når vi legg til ting på diskusjonssidene våre? Eller er det betre å gå inn på diskusjonssida til ein av dykk for å få raskare svar? --Erlend 22. mai 2005 kl. 1343 (UTC)

Hei Erlend & velkommen ombord frå meg òg! Eg kan ikkje svara for alle administratorar, men eg prøver å leggje til alle brukardiskusjonssider til overvakingslista mi. Om du vil spørje éin spesifikk person om noko, så er det oftast lurast å spørje på diskusjonssida hans/hennar. I andre fall er det ofte meir naturleg å bruke diskusjonssida som hører til ein artikkel (om det spesifikt gjeld noko i denne artikkelen). Samfunnshuset er ein grei stad å taka opp dei store spørsmåla. Ser elles fram til å sjå kva du vil skrive om økonomi. Sidan du skal studere i Genève, så kan det kanskje hende at du kan vera «utskremd medarbeidar» for omsetjing av ein og annan artikkelen frå fransk? Og elles er no skaunologi ein fin fagdisiplin som du er hjarteleg velkommen til å bidraga med... :-) Olve 22. mai 2005 kl. 2101 (UTC)

Nei, me får bare halv-automatisk melding om me legg sida inn på overvakningslista vår. Men akkurat dét er vanleg å gjera blant wikipedantar, så du kan som regel trygt svara dei som snakker med deg der dei la det inn. Dersom du etter ei tid vil ta opp eit nytt emne, derimot, er det tryggare å gjera det på diskusjonssida til den du vil ha i tale. Lykke til med eksamenslesing! -- Ranveig 22. mai 2005 kl. 2104 (UTC)
Oi! Eg såg ikkje svaret frå Olve før eg hadde lagt inn mitt eige svar! -- Ranveig 22. mai 2005 kl. 2106 (UTC)
Flott da! Da skjønar eg korleis dette går føre seg. Ja, Olve, eg får vel starte med å skrive om Skaun og Geneve, sidan "skaunasida" er ganske så tynn, og Geneve ikkje finst... ;) Kan ein del fransk, men er ikkje flytande. Undervisninga på skolen min i Geneve er på engelsk. Har imidlertid planar om å betre fransken min ein god del, og omsetjing frå franske sider kan jo vera lærerikt i så måte også! Det er derfor berre å "skremme meg ut". Elles: Takk for eksamenslykkeønskjet, Ranveig! Eg kan vel trenge det, så flink som eg er til å finne på andre ting når eg burde lesa... ;) Jaja... --Erlend 23. mai 2005 kl. 1525 (UTC)

[endre] Kategorinamn: «Byar i Landet» heller enn «Landske byar»

I ein diskusjon på Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt_Nasjonar#Namn_på_underkategoriar kom vi fram til at formatet Kategori:Byar i Tyskland er betre enn Kategori:Tyske byar. Eg har såvidt begynt på oppryddinga no, og ser at du nettopp oppretta Kategori:Egyptiske byar. Eg vil flytte denne til Kategori:Byar i Egypt no. Hadde vore fint å få litt hjelp til flytteoperasjonane om du har tid... :-) Olve 6. juli 2005 17:43 (UTC)

Ok! Såg det var nokre kategoriar som heitte «Landske byar» før, og trudde det var slik de ville ha det. Men da skal eg rydde opp det eg har gjort og startar flyttinga straks! :) Flyttar fleire òg når eg oppdagar det. Vart litt geo-inspirert i kveld... --Erlend 6. juli 2005 17:47 (UTC)
Takkar og bukkar! :-) Har ellers full forståing for geoinspirasjon. Har tenkt ein del på at vi burde ha artiklar for alle fylke/provinsar i Europa og alle kommunar i Norden, Baltikum og BeNeLux... Hadde vore ein praktisk måte å få artikkeltalet opp over 10 000 relativt kjapt òg... :-) Olve 6. juli 2005 17:50 (UTC)
Ser at det ikkje går å flytte kategoriane. Derfor opprettar eg nye på rett form, og endrar kategoriseringa under kvar artikkel. Så får du gå inn etterpå og slette dei gamle «Landske byar»-kategoriane. Det er vel dette som er den enklaste måten?
Såg at nb: hadde mange geospirer, og eg tenkte det same eg òg om at det var ein kjapp måte å få opp artikkeltalet på! :) Tar att ein del av dei seinare for å utvide litt. Alle blir jo geospire-merka og dermed lette å finne att. --Erlend 6. juli 2005 17:59 (UTC)
Greitt alt dette, ja. :-) Eg skal taka meg ein razzia og slette kategoriane etterkvart som dei blir tomme. Olve 6. juli 2005 18:03 (UTC)
Ser du opprettar artiklar som heiter «Byar i Landet», er det meininga? Eg slettemerka nettopp Byar i Sveits, men oppdaga at du også har oppretta Byar i Austerrike med meir, så vart i tvil no. --Erlend 6. juli 2005 19:08 (UTC)
Nei, eg er no visst berre litt trøytt... :] Olve 6. juli 2005 19:13 (UTC)

No vart det liv her, ja! :-) Olve 6. juli 2005 20:26 (UTC)

Hehe, ja! :) Vi er vel ferdige no? Var litt usikker på det siste eg gjorde her: Byar i Nord-Amerika > Nordamerikanske byar. Det var sånn det var gjort for Sør-Amerika. Kanskje eg omset eit par geografispirer til frå nb:, så blir det lalling... Takk for samarbeidet! :) --Erlend 6. juli 2005 20:30 (UTC)
Ja, dette var vel hovudlasset, ja. :-) Deter truleg ein etterslengar eller fem, men etterraksteren hastar det ikkje med. Har lurt litt på i det siste om vi ikkje burde setje i gang spesifikke aksjonar. Dette var ein vellykka aksjon. Andre sprintaksjonar vi kunne taka fatt på er svenske län, islandske og færøyske kommunar o.a. Vi kunne t.d. ha eitt prosjekt per dag eller to–tre prosjekt i veka... Kva trur du? Hørest dette inspirerande ut? Olve 6. juli 2005 20:39 (UTC)
Kanskje det? Det blir i så fall å opprette nye artiklar/spirer om kvar av dei, sant? Eg kan ikkje noko islandsk eller færøysk, men å laga ei lita spire burde vel gå greitt. Kva med å opprette ei side som heiter Wikipedia:Sprintprosjekt eller noko sånt der ein skriv opp kva som er potensielle framtidige prosjekt? Og så kan ein etter kvart fylle inn tidspunkt for når sprinten startar. Viss du har ein del du tenkjer på allereie no da... Eg kunne tenkt meg å fått laga spirer om alle vinnarane av Nobels fredspris! :) Dersom det blir for mange deltakarar i sprintprosjektet, kan det imidlertid bli litt kaos. Må fordele litt område da. Såg at vi endra same artikkel/kategori samtidig eit par gonger, men stort sett greitt når vi var berre to. --Erlend 6. juli 2005 20:54 (UTC)

[endre] Visste du at...

...det verkeleg var på tide med noko nytt i den boksen? Takk for godt arbeid! -- Ranveig 1. august 2005 kl. 08:45 (UTC)

Takk sjølv, for tilbakemeldinga! :) Er artig å høyre at det vart ok, såg det var fem veker sidan sist... Prøvde å ta ein artikkel frå kvar brukar for å spreie det litt. Hadde delvis lyst til å ha litt andre wikiar, t.d. til artiklane atombombe og motorsykkel i staden for å plukke så mange land, men dei fanst ikkje. Skal sjå om eg får omsett litt om dei temaa, så går det an å endre wikiane seinare. --Erlend 2. august 2005 kl. 16:12 (UTC)
God innsats, særleg sidan ein av mine artiklar er blant "visste du at...". Eg skal bli litt meir aktiv eg også framover; for mykje arbeid i det siste. Framsida har vorte flott! --Bep 2. aug. 2005 kl. 17:23 (UTC)

[endre] Oppmerksame Erlend

Hei, Erlend! Fint at du er oppmerksam på månadfeil. :-) --EIRIK\diskusjon 2. okt. 2005 kl. 18:16 (UTC)

Joda, følgjer med veit du! :P Eg skreiv om dei siste landa fredagen, sidan eg oppdaga at det var berre tre som mangla (irriterande få). Elles trur eg du har gjort ein svært stor jobb på å skrive om land!! --Erlend 2. okt. 2005 kl. 18:18 (UTC)

[endre] Sigurd Pettersen

Eg beklagar at eg endra vann til vant, eg såg det ikkje, eg hadde omsett artikelen frå no: rett etter deg, så det kom opp ei endringskonflikt. Men skal «Hopp-Noreg» skrivast med stor H? --EIRIK\diskusjon 8. februar 2006 kl. 16:42 (UTC)

Å ja, det går bra. Eg trudde du var i det veldig pirkete laget i dag, men da var det ei veldig naturleg forklaring. :) hehe. Fint at det er fleire som er med på å omsetje! Det er viktig at folk finn det dei søkjer etter, sjølv om ikkje alt nødvendigvis er så lange artiklar. Eg meiner at det skal vera stor H, men skal ta ein titt på språkrådssidene for å vera sikker. Tilbake om nokre straksar! --Erlend 8. februar 2006 kl. 16:47 (UTC)
Jepp, det skal vera stor forbokstav. Døma til språkrådet er Bygde-Noreg og Vinter-Noreg. Sjå her under «namn - geografiske namn» (ganske langt ned). --Erlend 8. februar 2006 kl. 16:53 (UTC)
Jammen har du rett gitt. --KRISTAGAα-ω 9. februar 2006 kl. 08:35 (UTC)


[endre] Røyskatt

Hei kvifor har du gjort artikkelen om røyskatt som eg har laga om til bokmål?

Det var eg som la til noko frå bokmålsartikkelen, dei hadde innhald som mangla i vår versjon. Det er fritt fram for deg, meg eller andre å omsetja. -- Ranveig 5. mars 2006 kl. 13:51 (UTC)

Men er ikkje dette eit nynorsk wikipedia? Nicolaym 6.mars 2006 kl. 19:56 (UTC)

Joda, men av og til kopierer vi inn stoff frå andre språk for å omsetje. Du kan finne artiklar som ikkje er ferdig omsett i kategori:Uomsette artiklar. Var det du som skreiv inn stoffet på Røyskatt, Nicolay? Lurte berre på kor du henta det frå, sånn at det er sikkert det ikkje bryt med opphavsrettar. Er litt strengt på Nynorsk Wikipedia, sjø... --Erlend 6. mars 2006 kl. 19:07 (UTC)

Ja det er eg som har skreve artikkelen, boka er henta ifrå skulen min. Artikkelen ligg alt inne på sia www.fjellatlas.no--- Nicolaym 6. mars 2006 kl 20:16 (UTC)

Er det noko problem med det?

Så lengje det ikkje er avskrift, men berre kjeldebruk, burde det vel vera greitt. Men kjelda må iallfall gjevast opp i artikkelen. (Andre får protestere om eg seier noko feil...) --Erlend 6. mars 2006 kl. 22:07 (UTC)

[endre] Tomme frø

Bra du fylle på med stoff til artiklar med tomt innhald! --Anders 18:07, 26 november 2006 (CET)

Joda, eg såg det hadde fylt seg opp med frø som trong litt vatning. :) --Erlend 18:18, 26 november 2006 (CET)
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com