Eirik I av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Konge av Noreg' | 931 til 933. |
Føregjengar | Harald I Hårfagre |
Etterfylgjar | Håkon I Adalsteinsfostre |
Fødd | om lag 895 |
Død | 954) |
Gift med | Gunnhild Ossursdotter |
Barn | Med dronning Gunnhild:
|
Gravlagd | Ukjend |
Eirik I med tilnamnet Blodøks (om lag 895–954) var son av Harald Hårfagre. Han var konge av Noreg frå 931 til 933.
Det er ukjend korleis Eirik fekk tilnamnet Blodøks (Eiríkr blóðöx). Det kan ha vore fordi han kjempa mot fleire av brørne sine og drap dei. Men ei anna forklaring kan vera at han var rekna som ein dyktig krigar.
[endre] Livssoge
Eirik Blodøks var eldste son av Harald Hårfagre og Ragnhild Eiriksdotter. Hjå Tore Roaldsson på Svanøy i Fjordane var han det meste av oppveksttida si.
Han vart gift med Gunnhild Ossursdotter. Ho vart skulda for å vera trollkvinne, og sogeskrivarane omtala kong Eirik og dronning Gunnhild som tilnærma vonde. Mellom anna var dei lenge i strid med Egil Skallagrimson. Eirik er hovudsakleg omtala i Islendingesogene og i Heimskringla.
Eirik var kjent som en stor krigar og hærmann. Allereie som 12-åring drog han i hærferd, med fem langskip. Han var på flere hærferder både i Aust- og Vesterveg.
Eirik fekk overdrege kongsmakta frå faren då Harald var 80 år. Eirik tok tidleg livet av fleire av brødrene sine, mellom anna Bjørn Farmann. Han vart så i sin tur driven ut av landet av ein yngre bror. Håkon den gode (Adalsteinsfostre) jaga Eirik då han kom heim frå England. Dei norske hovdingane var då særs lei av framferda til Eirik, så dei slutta opp om Håkon.
I England fikk Eirik Nordimbraland (Northumberland) i len av kong Adalstein. Han busette seg der med familien sin, i Jorvik (York). Herifrå vart han drive vekk i 941 av Edmund, bror av kong Adalstein, etter at han hadde halde fram si framferd, og gjorde fleire plyndringstokt i Irland og Bretagne. Eirik Blodøks fall i eit slag i Stainmoor mot kong Eadred i 954.
Eiríksmál blei dikta til ære for han på oppdrag frå Gunnhild.
Føregjengar: Harald I Hårfagre |
Konge av Noreg |
Etterfylgjar: Håkon I Adalsteinsfostre |