Det militære skarpskyttarmerket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det militære skarpskyttarmerkjet er eit dugleiksmerkje for skyting med personleg våpen (gevær, maskingevær, pistol eller maskinpistol). Skyttarmerket vart stifta i 1861 som ein «Skydepremie». Merkjet har som føremål å stimulere skyteinteressa mellom militære og sivile skyttarar, og gjennom årlege skyteprøver å halde skytedugleiken oppe hjå befal og mannskap i dei ståande styrkane, Heimevernet og mobiliseringsstyrkane.
Merkjet er utforma med to krosslagde gevær over ein bunden laurbærkrans med eit raudt felt innanfor kransen. I toppen er riksvåpenet. Merkjet finst i valørane gull, sølv og bronse i tillegg til ein medalje i gull. Medaljen har same utforming som merkjet, men er større og heng i eit raudt og gult band. Det er spesifikke krav til alle valørane både når det gjeld dugleik og tal år ein må gjennomføre prøver for kvalifisere seg.