Dei sju underverka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei sju underverka var ei gruppe makelause byggverk i (den greske) antikken. Vi reknar til vanleg Antipater frå Sidon som opphavet til lista, fordi han nemnde dei sju underverka i eit dikt kring 140 f.Kr. Men tanken om sju underverk går lengre tilbake i tida; den tidlegaste kjende kjelda er Herodots Historie. I andre halvdelen av 200-talet f.Kr. skreiv Kallimakos frå Kyrene ei samling om verdas underverk, men denne gjekk tapt då biblioteket i Alexandria brann.
Sidan Antipater har fleire ulike lister blitt til. Blant anna samanlikna Plinius den eldre den romerske ingeniørkunsten - som akveduktar og kloakk - med dei greske byggverka. Den lista vi no kallar verdas sju underverk er eigentleg frå mellomalderen.
Dei sju underverka var:
- Kheopspyramiden
- Babylons hengande hagar
- Zevsstatuen i Olympia
- Artemistempelet i Efesos
- Mausollos gravtempel
- Kolossen på Rhodos
- Fyrtårnet på Faros
To kvar av desse underverka stod i det som nå er Hellas, Egypt og Tyrkia, og eitt stod i Irak. Det einaste som ennå står er Kheopspyramiden, som var den eldste av underverka. Kolossen på Rhodos stod derimot berre i 56 år, til han raste saman under eit jordskjelv. Dei hengande hagane i Babylon er det vi veit minst om - kan hende har dei aldri eksistert.