Dave Weckl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Weckl (f. 8. januar 1960) er ein omtykt trommeslagar.
Idolet til Weckl var den legendariske trommeslagaren og storbandleiaren Buddy Rich, og han fordjupa seg i jazzstudiar på University of Bridgeport i Connecticut. Han har likevel gjort seg mest til merke innan fusion-sjangeren, og karrieren hans starta i fusionmiljøet i New York på byrjinga av 1980-åra. Han vart tidleg lagt merke til, og spelte etterkvart med artistar som Paul Simon, Madonna, George Benson, Michael Camilo og Anthony Jackson. Det han i ettertid er mest kjent for frå denne perioden, er likevel arbeidet han gjorde med Chick Corea sitt Elektric Band frå 1985 til 1991.
Weckl spelte med Corea i sju år. I denne perioden spelte han inn mange album, både med Elektric Band og med Corea sitt Akoustic Band. Samtidig gjorde han mange studioinnspelingar og innspelingar med GRP All-Star Big Band. I 1990 gav han ut den første plata som bandleiar, Master Plan, for selskapet GRP. Etter han slutta i Corea sitt band har han spelt særleg mykje i bandet til gitaristen Mike Stern, i tillegg til å halde fram solokarriera.
Det er særleg i trommemiljøet Weckl har fått mykje merksemd. Han har nytta dette til å produsere ei rekkje instruksjonsvideoar og bøker, og han har samarbeidd med ulike selskap som produserer signaturmodellar av ulikt trommeutstyr.
[endre] Diskografi
Dave Weckl:
Dave Weckl Band:
- 1998 Rhythm of the Soul (Stretch records)
- 1999 Synergy (Stretch records)
- 2000 Transition (Stretch records)
- 2001 The Zone (Stretch records)
- 2002 Perpetual motion (Stretch records)
- 2003 Live (and very plugged in) (Stretch records)
- 2005 Multiplicity (Stretch records)